Strilen / Leiar / Viktig steg
Brukernavn 
Passord 
 

Viktig steg

Vestnorsk Utvandringssenter på Sletta har fått dagleg leiar. Ida Dyrkorn Heierland er tilsett og vil starta opp i stillinga i midten av april.

Publisert 10.03.10 17:44
Endret 10.03.10 17:43

Organisatorisk er senteret no innunder Museumssenteret i Hordaland, med hovudkontor i Salhus. Det same er Lyngheisenteret i Lindås.

Denne såkalla konsolideringa var det nok ikkje alle i Nordhordland som jubla like mykje for. Fleire ivra naturleg nok for at ein stor region som Nordhordland måtte ha sitt eige museum, med direkte tilskot frå staten, som andre stader i fylket.

Men sant må berre seiast – så langt har ikkje strilane klart å semjast om eit eige felles senter på nordsida av Salhusfjorden. Då er det, i alle høve inntil vidare, berre å innordna seg ei styring frå Salhus. Den korte og viktigaste grunngjevinga for det, er kort og godt å få tak i statlege pengar til ei forsvarleg drift.

Tida får visa kor godt Lyngheisenteret og Utvandringssenteret vil utvikla seg under organisatorisk styring frå Salhus. Bjørn West-museet kan også hamna under same paraply. Kanskje er modellen så gunstig at andre lokale museum bør tenkja i same baner.

Utvandringssenteret er eit typisk døme på at frivillig innsats kan utretta utruleg mykje – som å flytta ei heil kyrkje og andre bygg frå USA til vesle Sletta. Det er berre på nytt å ta av seg hatten for eit slikt pågangsmot og fleire års drift med knappe offentlege midlar.

Utan gratis innsats i bøtter og spann hadde ikkje senteret på Radøy hatt den statusen det har i dag. Når statlege midlar via Salhus no kan lønna blant anna ein dagleg leiar, må det vera eit viktig steg framover. Då kan planlegging og guiding vert ein jobb der dette før i stor grad har vore dugnad.

Dette kan også vera første steg mot den store draumen på Sletta – eit informasjonssenter til kring 30 millionar kroner. Men slikt steg gjer seg neppe berre med tilsette på fast lønn. Det krev også eit brennande lokalt engasjement i fleire år framover– blant anna frå styret.

Difor synest me den tilsette leiaren har eit svært viktig poeng: Ho er oppteken av å ta vare på det store frivillige engasjementet fordi ho har erfart andre stader kor viktig slik innsats er. Denne innsatsen må ikkje gløymast for å oppnå det som er draumen på Sletta.

Når den daglege leiaren er på plass, må styret difor ikkje kvila på sine laurbær. Me det trur me heller ikkje vil skje.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Formannskap for fleirbrukshall

Formannskap for fleirbrukshall

LINDÅS: Formannskapet i Lindås snudde frå utsetjingstankar, og løyvde fire millionar ekstra til fleirbrukshallen på Lindås.

    – Ekteparet kan ikkje halda fram

    – Ekteparet kan ikkje halda fram

    Kyrkjeverja Åge Clausen sa i lagmannsretten onsdag at han ikkje trur på ei løysing i Ostereidet kyrkjelyd, så lenge sokneprest Vilhelm Overå og kona Leikny Overå er involverte der.

    Der alle vinn banketten

    Der alle vinn banketten

    Kva gjer det om ein berre vinn ein av fire kampar og ender med minus tolv mål, så lenge det er gøy...

      Nicholas (15) skal  leia polosatsing

      Nicholas (15) skal leia polosatsing

      MELAND: Sist helg fekk Nicholas Eliassen Tveit spela ­kajakk­polo med dei beste i Noreg. No vil han freista andre til å prøva ein spennande sport.

        Meiner media har låst Overå-saka

        Meiner media har låst Overå-saka

        Ankesaka til tidlegare kateket i Ostereidet sokn, Leikny Overå, starta måndag i Gulating lagmannsrett. Advokatane Nils Kristian Ormestad Lie og Anne Marie Due representerer kvar sin part.

          Eit folkehav

          Eit folkehav

          Ny rekord for Knarvikmila

            Siste kortnytt

            Mest lest

            Eldre artikler

            På forsiden nå