Dersom alle kommunane i Nordhordland slår seg saman, vil «Nordhordland kommune» vera eit høveleg namn. Men dette er ikkje tilfellet når samanslåinga avgrensar seg til Lindås, Meland og Radøy. Det er fare for at det vil skapa misnøye i Nordhordland, om tre av kommunane i regionen legg beslag på dette namnet, og såleis ekskluderer andre som også identifiserer seg nordhordlendingar.

Det er sjølvsagt mogeleg å velja eit namn som alt er i bruk på ein kommune eller stad, men er ikkje det litt fantasilaust? Kanskje me først skulle utfordra den mest kreative delen av innbyggjarane – dei unge – til å koma med namneforslag?

Når eg likevel har pennen i handa, kan eg jo sjølv koma med eit forslag: La oss kalla kommunen «Heia kommune».

Lyngheiane er kjenneteikn på naturen i området og har dessutan betydd mykje både for folk og fe gjennom tidene.

Dessutan er det å heia på kvarandre, noko som det vanskeleg kan bli for mykje av.

«Heia» attspeglar både natur og god kultur. Namnet kan brukast til å byggja ein identitet rundt – gjera kommunen til ein anti-jantelovskommune, ein kommune der mei heiar kvarandre fram, ein kommune der me seier «hei » både til kjende og framande, slik Lous Armstrong formulerer det i «What a Wonderful World»:

The colors of the rainbow so pretty in the sky

Are also on the faces of people going by

I see friends shaking hands saying how do you do

They're really saying I love you

Heia den nye kommunen!