Frekke innbrotstjuvar tømte hus for smykke

  • ENDEVENDE ALT: Det var ikkje eit skap eller ei skuffe i heile huset tjuvane ikkje hadde undersøkt.

    FOTO: privat

KNARVIK: - Me har aldri hatt ei slik uhyggekjensle før. Det var vanvittig ekkelt, seier Hildegunn Brekke og Jan Henrik Eide, som laurdag kveld kom heim til endevendt hus.

Innbrotet skjedde medan dei to var vekke i fem timar laurdag kveld.

- Det er nesten som me lurer på om me er blitt spionerte på. Korleis kunne dei elles vita kor lenge me kom til å vera vekke? spør Hildegunn.

Stal bilen

Det første dei reagerte på då dei kom heim, var at bilen var vekke. Deretter kom dei til open dør, ope sikringsskap og eit hus som ikkje såg klokt ut.

- Dei har endevendt alt av skuffer og skåp, og til og med undersøkt kvar sko i skohylla, seier ho.

Ho fortel at datamaskiner og andre tekniske ting ikkje var rørte, men at alt som heitte smykke var vekke. Fleire av desse låg i eit brannsikkert skap saman med ulike dokument og alle gamle negativar. Skapet, som veg rundt hundre kilo, tok dei med seg.

- Innbrotet er jo ikkje store greiene når ein set ting i perspektiv. Dessutan har me budd her i tretti år utan at me har vore plaga med noko som helst. Men det veldig irriterande å mista ting som betyr mykje for oss, men null for dei. Håpar berre ikkje dei kastar papira og negativane, seier ho.

Vippa ut vindauga

Tjuvane hadde teke seg inn i huset ved å vippa vindauga ut or rama med brekkjern. Vindauga hadde dei sett fint oppetter muren utanfor.

At det er så enkelt å ta seg inn i eit hus, har sett ein støkk både i Hildegunn og Jan Henrik.

- Betyr det at dei også kunne brote seg inn medan me låg og sov, eller at det kan skje medan me er på butikken? tenkjer Hildegunn høgt.

Fann att bilen

Seinare på natta bestemte Jan Henrik seg for å ta ein liten kjøretur og leita etter bilen.

- Han hadde nemleg ei kjensle av at dei kanskje ikkje hadde kjørt så langt, men berre brukt bilen til å kjøra tjuvegodset til ein annan bil med, fortel Hildegunn.

Det hadde han heilt rett i, for då han kom oppatt frå Knarvik kai, såg han bilen stå parkert på den vesle parkeringsplassen like oppom Nobina.

Nøkkelhanka, som også inneheld husnøklane, stod heldigvis i bilen. Bilen var uskadd.

Fotspor hjå naboane

Søndag vart det oppdaga to ulike fotspor i snøen i hagane til fleire av nabohagane. Difor kan det sjå ut som dei har gått til fots og luska rundt i nabolaget.

- Det kan jo henda dei har valt oss fordi me ligg i enden litt for oss sjølv, men eg synest likevel det er vanvittig ekkelt at nokon har vore inne i huset vårt og romstert på denne måten, seier ho.

Men når gale først er skjedd, er ho imponert over kor vener og naboar har stilt opp for dei.

Roser politiet

Ho er også imponert over at politiet kom så fort.

- Dei vare veldig hyggelige og jobba kjapt slik at me kunne setja vindauga på plass igjen. Det var jo minus åtte ute og iskaldt i huset, forklarer ho.

Også då bilen vart funnen att seinare på natta, kom dei med det same, legg ho til.

Politiet stadfestar opplysningane, og ber folk som har vore i området laurdag kveld tenkja over om dei kan ha sett bilar eller gåande dei ikkje kjenner til, ikkje berre i Litlevika men også på parkeringsplassen der dei fann bilen sin att.