NM-gull til Nordhordland!

  • EBML fekk ståande applaus etter sitt sjølvvvalte nummer.

    FOTO: Anje Fanebust

  • Manger Musikklag har nettopp fullført årets sjølvalte nummer under NM i brass 2017 i Grieghallen.

    FOTO: Anja Fanebust

Brassgullet blir verande i regionen.

Det er klart etter at dommarane seint laurdag kveld kåra Eikanger-Bjørsvik Musikklag til vinnarar under NM i Grieghallen.

Knapp siger

Kun 0,25 poeng skilte dei fra Stavanger Brass Band, og dermed kan Eikanger-Bjørsvik Musikklag fortsatt kalla seg norgesmeistrar.

Eikanger-Bjørsvik Musikklag EBML fekk 95 av 100 mulige poeng i pliktnummeret. Og i sjølvvaltavdelinga på laurdag fekk dei knallsterke 97 poeng.

Manger Musikklag tok tredjeplassen, og dermed blei dei tre plassane besett av same band som i fjor.

– Det er heilt sjukt, seier styreleiar Stig Ryland til Norges Musikkorpsforbund sine heimesider.
– Vanvittig deilig, men korpset har jobbat heilt sjukt mykje for dette!

Eikanger fekk 96 poeng, Stavanger 95,75 poeng og Manger 93,5. Bjørsvik Brass enda som i fjor på fjerdeplass, i år med 93 poeng.

Solisprisen i elitedivisjonen gjekk til David Morton i EBML.

- Tidenes beste

Svein Fjermestad i slagverkgruppa i EMBL fortel til Strilen at det var eit særs nøgd band som mottok dommarane si avgjerd laurdag kveld. Men: Uansett korleis jurydommen hadde vore, ville musikantane vore nøgde.

- Dette var heilt fantastisk. Eg meiner at dette er det beste EBML har gjort så lenge eg har vore med. Og det høyrer eg at mange andre i bandet seier. I tillegg var responsen frå salen vanvittig. Betre blir det ikkje, seier Fjermestad.

Takk fansen

Eikanger-Bjørsvik gjekk for «Fraternity» av Thierry Deleruyelle som sjølvvalt nummer. Bandet blei dirigert av Ingar Bergby, tidlegare mellom anna sjefsdirigent for Värmlandsoperan, og no kunstnerisk leiar for Sjøforsvarets musikkorps.

LES OGSÅ: Manger hentar heim gulldirigenten til NM

EBML la ut ei Facebook-helsing til fansen etter det sjølvvalte nummeret laurdag:

- Dette var fantastisk kjekt! Ei mektig oppleving som gjer oss litt mållause. Takk for ei strålande mottaking! skreiv bandet.

Fredag konstaterte dei at dei var "særs nøgd med kveldens innsats" under pliktnummeret.

Pliktnummeret som elitekorpsa framførte fredag ettermiddag var "Variations on a theme of Michael Tippet. A Centenary Tribute". Som sjølvvalt nummer laurdag hadde Manger Musikklag valt "Journey of the lone Wolf" av Simon Dobson, kjent som eit fargerikt og dramatisk stykke. Dirigenten deira i år, Peter Szilvay, leia Manger til NM-siger i 2013 og EM-siger i 2011.

LES OGSÅ: Maken til korpsfamilie skal du leita lenge etter

- Done! Tusen takk for ein fantastisk respons!! skreiv Manger på Facebook like etter sjølvvalt laurdag.

Til liks med NM i 2013 og EM i 2011 var det Peter Szilvay som dirigerte Manger. Desse to konkurransane enda begge med siger. I EM i 2011 utklassa Manger til og med konkurrentane, og tok gullet heile fire poeng framfor Cory Band frå Wales.

Radøy til topps

Oster Brass blei nummer 12 i 1. divisjon med 85 poeng. Her gjekk Tertnes til topps med 95 poeng. Då blei det større jubel for veslebror på Radøy. Radøy Brass gjekk nemleg heilt til topps i 2. divisjon med 97 poeng - og er dermed klare for 1. divisjon neste år. I 2. divisjon blei Manger Old Stars blei nummer sju og Lindås nummer 12.

Eikanger-Bjørsvik Musikklaga

Eikanger-Bjørsvik Musikklag (EBML) er det mestvinnande brassbandet i Norge.

16 NM-titlar, 2 EM-titlar, 16 sigrar i underhaldningskonkurransen Siddis Brass, 2 triumfar i TV-konkurransen Resonans og 8 sigrar i Grenland International Brass Festival har ensemblet bokført.

EBML har òg gitt ut 16 plater.

Eikanger-Bjørsvik engasjerer seg sterkt i korpsrørsla i Nordhordland. Dei aller fleste skulekorps i området har dirigentar som er knytt til EBML.

Kvar sommar inviterer Eikanger-Bjørsvik skulekorpsungdom til Feriespel, tre dagar med undervisning, leik og moro.

To gonger i året samler EBML inn korpsungdom i slutten av skulekorpsalder til EB-jr.

Ein har også i seinare år starta opp Mini-EB for dei aller ferskaste musikantane og Super-EB for dei mellom den yngste og eldste alderen

Manger Musikklag

Manger Musikklag (MML) frå Nordhordland har i over 40 år vore eit av dei leiande brassbanda både nasjonalt og internasjonalt.

MML har base på Manger i Radøy kommune, og rekrutterer hovudsakleg frå brassbandmiljøet i Nordhordland, Manger Folkehøgskule og Bergen og omegn.

Bandet har høg aktivitet med svært ulike repertoar gjennom sesongen.

Berre sidan 2004 har MML urframført over 115 nye verk for mediet.

Manger Musikklag er det einaste norske brassbandet som har vunne EM for brassband (EBBC) i moderne tid (Montreux, Sveits - 2011).

Manger Musikklag er det første og einaste brassbandet som er utnemnd av MOT-Norge som Nasjonal MOT-ambassadør.

Bilder

EBML fekk ståande applaus etter sitt sjølvvvalte nummer.

EBML fekk ståande applaus etter sitt sjølvvvalte nummer. FOTO: Anje Fanebust

Eikanger-Bjørsvik mottar applaus frå publikum etter sjølvvalt nummer under NM seint laurdag ettermiddag.

Eikanger-Bjørsvik mottar applaus frå publikum etter sjølvvalt nummer under NM seint laurdag ettermiddag. FOTO: Privat

Relaterte saker