Det var i 9-tida fredags morgon politiet fekk melding frå ein person i Eikangervågen, som hadde fått ein ubeden gjest i peisen. For godt inne i peisen hadde ein liten katt funne vegen.

– Eg har jobba mange tiår i brannvesenet og hatt både ugle i peis og hoggorm i stove, men katt i peis var ein ny vri, seier vakthavande brannsjef Ståle Hauge i Lindås, Meland og Modalen brann og redning.

– Eg har jobba mange tiår i brannvesenet og hatt både ugle i peis og hoggorm i stove. - Ståle Hauge, brannmann

Etter ei god stund fekk dei fem brannmennene på staden dyret «ut av kattepina», etter at dei hadde demontert delar av peisen.

– Enda på visa var at me fekk katta laus frå peisen. Katten blei tatt med til dyreklinikken i Knarvik.

Han fortel at ein brannmann aldri veit kva han/ho kan møta på på vakt, men at liv og helse står i høgsetet enten det er menneske eller dyr.

– Katt i peis er ikkje pensum på Norges brannskole, men det står i alle fall om evna til å improvisera, seier Hauge og ler.

Nokon timar seinare kom likevel meldinga om at katten måtte avlivast. Det skal til då ikkje ha vore kjend kven som eigde katten.

UTE: Her er katten fri - i alle fall frå peisen - etter mange timar i mørket. Den blei etter kvart frakta til dyreklinikk i Knarvik. Foto: Lindås, Meland og Modalen brann og redning