DESSE VANN I STRILEN SIN NISSEKALENDER:

  • Gåvekort på 1000 kroner på Amfi Knarvik: Kristin Røssevold Taule (21. desember)

  • Strilen-abonnement (3 mnd digital): Sylvia Molland Rambjørg (15. desember) + Margrethe Høyland (13. desember)

  • Flax-lodd: Susanne Larsen (6. desember)

Strilen sin nissekalender

Strilen har i år ein liten, koseleg julekalender, der vi har tatt med oss Strilen-nissen på tur. Sjølvsagt har passasjeren hatt setebelte på seg på alle turane, og han kan melde om mange flotte opplevingar.

Kor godt kjend er du i Nordhordland og Gulen? Klarer du alle 24 lukene i kalendaren?

Er du heldig kan du vinne premie! Svar i kommentarfeltet under, eller svar i kommentarfeltet under dagens nissebilde på Facebook/Instagram.

Kontorrotte

RETT SVAR: I Strilen sine lokale i Hagellia 4 i Knarvik. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Han har reist land og strand,

men vegen heim han fann.

Til hest

RETT SVAR: Landsvik på Holsnøy i Alver. Foto: Kjell Arne Steinsvik

I jula høyrer kanskje hest og slede med?

Her var det i alle fall ein flott hest, ser du kvar eg er?

I ei vik på ei øy

RETT SVAR: Vikebø/Vikebøvika, Holsnøy i Alver. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Eg likar meg godt ut på bøden,

men av og til er eg langs sjøden ...

I strileasfaltbygd

RETT SVAR: Ved Amfi Knarvik. Foto: Martin Brekke Hjellestad

Sjå han står der så kry,

midt i mellom bygder og by!

Bryggen?

RETT SVAR: Toskavegen. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Det kan sjå ut som Bryggen i by’n,

men da e no ein plass mølo der og Stryn

På nok ein tur

RETT SVAR: Byngja, Radøy, Alver. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Eg er på ei stor øy,

her finn eg på mykje skøy.

På tur

RETT SVAR: Rossland på Holsnøy i Alver. Foto: Monica Skjelanger Reknes

«Eg trivst ikkje i bur,

eg må ut på tur», seier strilanissen.

På køyretur

RETT SVAR: Frekhaug senter. Foto: Henrik Hauken

Nissen er ute blant folk og handel,

kanskje ute for å kjøpa julemandel?

I grenseland

RETT SVAR: Kommunegrensa mellom Gulen og Masfjorden, rett etter Sløvåg, nær Hovden. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Hei og ho,

kor er eg no?

Ikkje eit fengsel, men...

RETT SVAR: Sløvåg, Gulen. Foto: Kjell Arne Steinsvik

På denne plassen er ikkje arbeidd flisespikkeri,

for her dei ein fantastisk industri

Nisse ved vatnet

RETT SVAR: Risnes, Masfjorden. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Interessant

RETT SVAR: Leknes barneskule.

Veit du kvar eg tok turen i dag? Å lære nytt er jammen smart. Kanskje du finn staden eg er på, på eit kart?

Ikkje trygg

RETT SVAR: Hjelmås landhandel. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Ein klassikar.

Ved ein fjord

RETT SVAR: Bjørsvik-kaien. Foto: Gunn Berit Wiik

Møteplass?

Nisse på landet

RETT SVAR: Lindåsosane frå Spjeldnesbrua på Lindås. Foto: Gunn Berit Wiik

Her e da folk og natur,

og fint å ga tur

Yte for å nyte

RETT SVAR: Brekkeløypa i Knarvik. Foto: Henrik Hauken

Det er litt av ein runde å ta,

jammen er det godt å kvile da.

Flott bru

RETT SVAR: På Sandøy i Gulen, like ved Brandangersundbrua. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Med ein nydeleg bru i eit sund,

får nissen fram smilet på sin munn.

Noko fint til ho nissemor?

RETT SVAR: Eikanger Hagesenter. Foto: Gunn Berit Wiik

Gåver må nissefar ha.

Då blir ho nissemor så herleg og glad.

Brrr!

RETT SVAR: Siletjørna badeplass, Byrknesøy i Gulen. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Det er kaldt å bade på denne tida av året.

For ein må jo ikkje skue laksen «på håret».

«In a kommune far, far away»

RETT SVAR: Mo i Modalen. Foto: Monica Skjelanger Reknes

Her er det billig straum og kaldt som fy!

Men når nissen får ake, blir han god som ny.

På vegen

RETT SVAR: E39 ved Mundalsbergtunnelen i Alver. Foto: Kjell Arne Steinsvik

På E39 er der ein tunnel med arbeid i.

Med syklistar og gåande, får bilistane aldri fri.

Byste

RETT SVAR: På Hundvin/Konglevoll og bysta av Karl Nesfossen. Foto: Gunn Berit Wiik

Nokon i Strilen kjenner denne staden veldig godt, ikkje så rart, her er det veldig flott.

Historisk kyrkje

RETT SVAR: Emigrantkyrkja på Sletta, Radøy. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Kyrkje med spir på ei grøn øy. Med bilen i høggir synest nissen dette var gøy.

Utsikt over øy og annan kommune

RETT SVAR: Vabø / Vabøvegen. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Kor er nissen no? Strå og gammalt hus, utan mas. Med eigen øy i fjorden. Kanskje kommunen i horisonten kan hjelpe deg å løyse denne metaforen?