Strilen / Nyheter / – Demente vert den stor utfordringa
Brukernavn 
Passord 
 
– Demente vert den stor utfordringa

– Demente vert den stor utfordringa

RADØY: – Me kan førebyggja mykje med kosthald og fysisk aktivitet, men du kan ikkje førebyggja deg frå demensen, sa kommunelege Grethe Fosse på eldrerådskonferansen på Manger i går.

Publisert 27.08.10 17:49
Endret 27.08.10 17:49

Samhandlingsreforma var tema for eldrerådskonferansen på Smiths pensjonat på Manger i går. Men kommunelege og legevaktsjef Grethe Fosse meiner den store utfordringa for helsestellet i framtida vert å ta seg av alle dei gamle demente.

– I dag må me på Radøy ta hand om 60 demente, i 2050 vil det vera 140. Dette er ikkje berre statistikk, slik vert det, sa Grethe Fosse på konferansen.

Og sjølv om folk held seg i form og trenar både kropp og hjerne, er det eit ugjendriveleg faktum alderen innhentar alle, og at mange vil verta demente før dei døyr.

Ikkje flytta
Fosse sa og at å flytta gamle folk ofte medfører at dei vert dårlegare, og flytting gjev demens. Å senda gamle folk inn og ut av sjukehus er difor ei svært dårleg løysing. Viss samordningsreforma gjer kommunane betre i stand til å ta seg av sjuke gamle og reduserer sjukehusinnleggingane, vil ein ha oppnådd mykje, meinte ho.

Fosse meinte og at der er mykje å henta ved å betra samspelet mellom kommunehelsetenesta og sjukehusa. Eitt av problema i dag er at det er så mange legar å forhalda seg til på eit sjukehus at det er vanskeleg å finna fram til rette vedkomande. Det hindrar god kommunikasjon.

I gang
– Me har kome eit godt stykke på veg når det gjeld samarbeid på helsesektoren i Nordhordland, både når det gjeld samarbeid kommunane imellom og i høve til sjukehusa. Legevakt og jordmorsamarbeid er døme på dette, men i løpet av 2012 må me bestemma oss for kva modell med vil velja når det gjeld lokalmedisinsk senter, sa me­lands­ordførar Nils Marton Aadland, som hadde hovudinnleiinga på konferansen.

Han oppfordra eldreråda rundt i kommunane til å engasjera seg i denne debatten.

Det er nedsett eit helseutval som jobbar med reforma, og ein har tilsett ein prosjektleiar.

Ikkje ta frå kommunane
Når det gjeld finanseiringa av reforma, sa Aadland at ein må avvisa ein modell som inneber at kommunane skal ta deler av kostnaden når folk vert innlagde på sjukehus.

Også Radøy-ordførar Jon Askeland var skeptisk viss reforma skulle innebera å overføra pengar frå kommunane til staten.
– Statlege løysingar vert ikkje betre enn kommunale, tvert om, sa han.

Hindra fall
Eit viktig mål me samhandlingsreforma, er å førebyggja helseskadar. Og når det gjeld eldre, er fallulukkene viktige. Mange får komplikasjonar etter fallulukker.

– Her har me erfaringar som viser at å halda seg i form, er viktig for å unngå fallulukker. Folk som beheld muskelstyrken, har betre balanse og er mindre utsette for å detta, sa fysioterapoeut Reidun Sæbdal.

Ho kunne fortelja at i Lindås har ein hausta gode røynsler med treningsgrupper for eldre.

Konferansen samla utsendingar frå eldreråda rundt i Nordhordland og vart leia av Kåre Eide, leiar for Nordhordland eldreråd.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Ny ørkenvandring for Knarvik-kyrkja

Ny ørkenvandring for Knarvik-kyrkja

LINDÅS: Kommunestyret utset bygging av ny kyrkje i Knarvik.

    Politi på fisketur

    Politi på fisketur

    Storfangst i Hagelsundet i dag.

      Må fjerna fire tiltak eller få bot

      Må fjerna fire tiltak eller få bot

      Ein grunneigar på Eikanger må fjerna fleire tiltak i strand­sona, elles vert det eingongsbot og dag­mulkt, har Fylkes­mannen avgjort.

        Hard kamp om ingeniørane

        Hard kamp om ingeniørane

        Det er for tida ein hard kamp om å trekkja til seg ingeniørar, kom det fram då Næringsbarometeret for Hordaland vart presentert tysdag.

          Pengedryss til  gode føremål

          Pengedryss til gode føremål

          Frivillige lag bør kvessa pennen, no er det tid for å søka om støtte!

            Dødsulukke i Hjelmåstunnelen

            Dødsulukke i Hjelmåstunnelen

            Ein person omkom og to vart alvorleg skadde i ei trafikkulukke på Hjelmås tysdag. Politiet mistenkjer at føraren av den eine bilen var rusa.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler