Strilen / Nyheter / – Dramatisk lite vegmidlar
Brukernavn 
Passord 
 
– Dramatisk lite vegmidlar

– Dramatisk lite vegmidlar

Ordførar Jon Askeland i Radøy er opprørt over kor dårleg Nordhord­land kjem ut i eit handlingsprogram for det nye og svært utvida fylkesveg­nettet.

Publisert 02.03.10 10:24
Endret 02.03.10 10:23

– Hordaland fylkesting skal vedta handlingsprogrammet for 2010-2013 på ei samling 9. og 10. mars, og eg vil sterkt oppmoda tingrepresentantar i alle parti frå denne regionen om å sikra meir pengar til vegane i nordfylket. Vår region kjem dramatisk dårleg ut. Dette seier eg både som ordførar og som medlem i samferdsleutvalet til Nordhord­land Region­råd.
På fylkeskommunalt plan har handlingsprogrammet vore til handsaming både i samferdsleutvalet og fylkesutvalet, og herifrå føreligg det samrøystes tilrådingar.

Noko kan gjerast
– Det er framleis ikkje for seint å gjera noko med prioriteringane, og ikkje minst gjeld det på nokre spesielle programområde for fylket utanom Bergen. Dette handlar om meir opne sekkepostar til trafikksikring, gang- og sykkelvegar, kollektivtransport, såkalla miljø- og servicetiltak, mindre utbetringar og planleggingstiltak.

Av desse midlane får Nord­hordland ikkje ei krone til gang- og sykkelvegar eller til miljø- og servicetiltak som eksempelvis kan vera rasteplassar eller tiltak mot støy. Nokre småbeløp er sette av til trafikksikring og kollektivtiltak i Lindås kommune. På ein post for mindre utbetringar er det sett av tre millionar kroner til Stordalen-vegen i Masfjorden.

Har ingen vegpakke
Askeland seier at Nordhordland på vegområdet heilt klart er ramma av at regionen enno ikkje har klart å einast om eit utbyggingsprogram med delvis bruk av bompengemidlar, som Nord­hordlandspakken, medan andre område har slike pakkeløysingar klare. Difor vert dei prioriterte.

For eksempel har kommunane i nordre del av Hardanger fått på plass den såkalla Kvam­ma­pakken, det finst ein Bømlo­pakke, og Bergens­pro­grammet med Bybanen har ein heilt spesiell storleik. Alle slike program beitar godt på totalmengda av midlar i fylket.

– Den situasjonen me har kome opp i, viser berre behovet for at me vert samstemde om Nordhordlandspakken. Det er elles ikkje noko nytt at nordhordlandskommunane kjem dårleg ut på vegområdet.

Altfor låg prosent
Jon Askeland seier at Nordhord­land har rundt 20 prosent av den folkemengda i Hordaland som finst utanom Bergen. Like fullt får regionen berre ni prosent av midlane til dei opne sekkepostane for ulike typar trafikktiltak.

– Men desse løyvingane er vel temmelig spikra no som dei har vore gjennom alle andre politiske organ?

– Det er aldri for seint å påverka desse prioriteringane, slik at me kan få ei meir rett fordeling av vegmidlane. Politikarane har alltid det siste ordet, seier Radøy-ordføraren.

APPELL: Radøy-ordførar Jon Askeland ber fylkestingspolitikarane frå regionen om å gjera noko for at Nordhordland skal få meir av vegløyvingane i kommande år. APPELL: Radøy-ordførar Jon Askeland ber fylkestingspolitikarane frå regionen om å gjera noko for at Nordhordland skal få meir av vegløyvingane i kommande år.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Brua er på plass

Brua er på plass

GULEN: Brua over Brandangersundet er løfta på plass.

    Rockefest i Austrheim

    Rockefest i Austrheim

    Laurdag 11. september vert det rockekonsert for alle i Austrheimhallen.

      Mindre hytteavfall, men framleis ofte overfullt

      Mindre hytteavfall, men framleis ofte overfullt

      Avfall frå andre enn hyttebrukarane fyller opp konteinarane.?

        Riisnes går  til filmen

        Riisnes går til filmen

        MASFJORDEN: Erik A. Riisnes vert å sjå i NRK Fjernsynet neste år.

          Tanita i X Factor

          Tanita i X Factor

          LINDÅS: Fredag kan du kanskje sjå Tanita Kolås frå Seim i ­talentkonkurransen X Factor på TV 2. (Foto: Øyvind Ganesh Eknes)

            BBC filma på Fedje

            BBC filma på Fedje

            – Nordsjøen er like viktig for Storbritannia, som den er for Noreg. Me er verdsborgarar og naboen sitt problem kan fort bli ditt, seier BBC-reporter Roderick Munro. I framgrunnen kaptein Oddvar Nilsen Husa på «Olavson» som tok filmteamet ut på staden der U-864 ligg senka.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler

              På forsiden nå