Strilen / Nyheter / – Ekteparet kan ikkje halda fram
Brukernavn 
Passord 
 
– Ekteparet kan ikkje halda fram

– Ekteparet kan ikkje halda fram

Kyrkjeverja Åge Clausen sa i lagmannsretten onsdag at han ikkje trur på ei løysing i Ostereidet kyrkjelyd, så lenge sokneprest Vilhelm Overå og kona Leikny Overå er involverte der.

Publisert 09.09.10 12:37
Endret 09.09.10 12:36

– Eg vil veldig gjerne tilbake i jobben som kateket på Ostereidet. Eg kjenner meg ønskt av kyrkjelyden, sa Leikny Overå i lagmannsretten tysdag, og viste til at ho også var tilbake i stillinga frå 1. juli 2009 til 1. januar 2010.

Etter eit møte med kyrkjeverje Åge Clausen og dåverande prost Helge Hitland 11. januar 2008, starta ein prosess som til slutt enda med ei oppseiing av Leikny Overå. Arbeidsgjevaren kom fram til at det var store samarbeidsproblem i staben på Ostereidet, som til slutt berre kunne løysast ved at kateketen vart sagt opp.
Overå var meir eller mindre ute av jobben fram til 1. juli 2009.

Ho hadde så jobben igjen i eit halvår, før ho måtte ut i samband med at ho tapte arbeidsrettssaka i Nordhordland tingrett. No er ankesaka oppe, og Leikny Overå ønskjer seg kateketjobben tilbake.

Støtte frå mange
Advokaten hennar, Nils Kristian Ormestad Lie, viste i retten til ein psykolograpport der det heiter at både Leikny og mannen Vilhelm, som er sokneprest, må bort frå Ostereidet.
– I rapporten heiter det at om ikkje det skjer, så sit ein att med sokneprest og kateket, men ikkje kyrkjelyd. Kva seier du til det, spurde Ormestad Lie.

– Sist søndag var det 140 menneske til gudsteneste på Ostereidet. Det er det ikkje andre stader, sa Leikny Overå, og viste til den siste gudstenesta mannen hadde der i august.


Vil ha vekk
Dagleg leiar i Lindås kyrkjelege fellesråd/kyrkjeverje Åge Clausen, forklarte seg i retten om kor vidt Ostereidet kunne halda fram med ekteparet Overå tilsett i kyrkjelyden.
Clausen svara at han trudde det vart full splitting av kyrkjelyden om ekteparet Overå held fram i stillingane der, og sa vidare at han trudde det kunne løysa seg dersom begge to slutta på Ostereidet.

Under si forklaring i retten fekk Leikny Overå spørsmål frå arbeidsgjevaren sin advokat, Anne Marie Due, om kven som skulle tena dei som er på «den andre sida» i konflikten.
– Dei kan vel få kyrkjeleg betjening av meg, svara Overå.
– Eg håpar at eg kan få vera eit samlande punkt, eg håpar eg kan klara det. Eg hadde alle konfirmantane det siste halvåret i 2009, og det var ingen der som ville trekkja seg.

Verneombodet
Harald Sundsbø sa i retten onsdag at han vart informert om prosessen den 29. januar 2008, av Vilhelm Overå. Overå hadde der sagt at han oppfatta beskjeden i møtet 11. januar same år som eit ultimatum mellom at anten Vilhelm eller Leikny måtte slutta på Ostereidet. Harald Sundsbø er verneombod for prestane i Nordhordland prosti.

Sundsbø var dagen etter med på eit møte på bispedømmekontoret i Bergen, der mellom andre Vilhelm Overå og dåverande prost i Nordhordland Helge Hitland møtte. Sundsbø oppfatta i det møtet Hitland som klar på at ein av ekteparet Overå måtte vekk frå Ostereidet.
Sundsbø sa i retten at saka var forkjært handsama, og at det var ei uheldig samanblanding av sakene til Leikny og Vilhelm, som har ulike arbeidsgjevarar. Sundsbø sa vidare at Åge Clausen på eit tidspunkt hadde gjeve Vilhelm Overå permisjon, noko som var utanfor Clausen sine fullmakter. Det vart i retten sagt at Clausen hadde gjeve denne permisjonen i samråd med dåverande prost Hitland.


Eit sjokk
Vilhelm Overå forklarte seg også i retten onsdag, og sa at det hadde vore ein god og open tone i staben på Ostereidet. Han sa at det kom som eit sjokk på dei at situasjonen var så ille.

Vilhelm Overå vart i retten spurt om det kunne fungera med å ha Leikny Overå tilbake på kontoret på Ostereidet.

Sokneprest Overå svara på dette at han trudde det kunne gå, dersom dei fekk ekstern hjelp.

Elles var det onsdag forklaringar frå dåverande leiar i Lindås kyrkjelege fellesråd Solveig Seim Johansen, reinhaldar Laila Haugland Storstrand, kantor Boris Kuprijanov og Kåre Eide.
Måndagen gjekk med til innleiingsføredraga frå advokatane Nils Kristian Ormestad Lie (for Leikny Overå) og Anne Marie Due (for Lindås kyrkjelege fellesråd).
Tysdag var det forklaringar frå Leikny Overå og Sigrun Dale (kyrkjeverje i Modalen, der Overå har ei kvart stilling), og Åge Clausen. Clausen held så fram onsdag.

I Gulating lagmannsrett har Ketil Tjore vore til stades for Strilen måndag og tysdag, og Livar Aksnes onsdag. Saka held fram i lagmannsretten ut veka.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler