Strilen / Nyheter / – Hallo, kan nokon hjelpa meg?
Brukernavn 
Passord 
 
– Hallo, kan nokon hjelpa meg?

– Hallo, kan nokon hjelpa meg?

GULEN: Då dei høyrde rop om hjelp frå sjøen, sprang skuleelevane Mads, Guri og Stian til sjøen og redda ein mann opp på land.

Publisert 16.02.10 08:11
Endret 16.02.10 08:11

Mads Sleire, Stian Flolid og Guri Mongstad var på veg heim frå skulen ein dag i januar i år, då dei brått høyrde rop frå sjøen.

– Me lurte på kva det var, seier Stian Flolid og Mads Sleire til Strilen.

Ein eldre mann hadde ramla over bord frå båten sin i Eivindvik, og kom seg ikkje opp att på land.

– Han ropte berre «Hallo» og «kan nokon hjelpa meg opp». Men han var heilt roleg, fortel Stian.

Mannen klamra seg fast til brygga medan ungdommane sprang mot kaien. Der fekk dei saman trekt han opp av sjøen.

– Eg og Mads klarte å få han opp, fortel Stian.

Ungdommane går i sjuande- og niandeklasse.

Mykje oppstyr
– Korleis reagerte mannen på at de fekk han opp?

– Eg trur han vart glad, seier Stian.

Mannen dei redda opp frå sjøen, takka dei og gav dei kvar sin femtilapp. Skule­elevane sjølve tenkte ikkje mykje meir over saka, men rykta om redninga har nådd fleire. No har også Rednings­selskapet heidra dei for snarrådig innsats. Søndag fekk dei kvar sitt diplom for innsatsen.

– Me tenkte ikkje at det skulle verta så mykje oppstyr, seier Stian og Mads, som trur kanskje det er rektor på skulen som kan ha tipsa Redningsselskapet om redningsaksjonen.

– Fortener all ros

– Det var veldig flott av dykk å hjelpa mannen som hadde ramla i sjøen. Det fortener de all ros for, og derfor får de òg Red­ningsselskapet sitt diplom, sa Lars Helland­sjø ved utdelinga av diplomet søndag.

Hellandsjø er president i Rednings­selskapet.

I tillegg til diplom, fekk ungdommane omvising på redningsskøyta.

Deler ut diplom
Redningsselskapet deler ut sitt diplom til menneske som har gjort ein innsats for å redda andre på sjøen. Selskapet ønskjer meir fokus på sjøvett og tryggleik, slik at ein kan førebyggja ulukker på sjøen.

Dei siste tretti åra har Redningsselskapet redda 1.500 personar frå ein sikker død på havet. Dei har berga 2.000 båtar frå forlis, og assistert 79.500 fartøy.


OM REDNINGSSELSKAPET
•    Organisasjon med sjøredning som ­føremål.
•    Har 24 fast bemanna redningsskøyter og 16 frivillige bemanna skøyter.
•    Redningsskøytene har døgnvakt heile året, og i snitt 7.000 utrykkingar i året.
•    Kvart år vert rundt 40 menneske redda frå drukningsdød.
•    Alle skøytene er utstyrte for sjuke­transport og har hjartestartar.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler