Strilen / Nyheter / – Heiser ikkje flagget enno!
Brukernavn 
Passord 
 

– Heiser ikkje flagget enno!

Del | |

Fiskeriministeren sa i Stortinget i går at ubåten skal hevast, men Fedje-ordføraren heiser ikkje flagget førebels.

Publisert 26.05.10 15:54
Endret 28.05.10 22:46

– Ministeren har heile tida sagt at hevingsvedtaket står ved lag. Det spennande etter det ho no har sagt I Stortinget, er kva tid det er snakk om å heva u-864, seier ordførar Kristin Handeland til Strilen.
bt.no skreiv på nett onsdag at «Regjeringa vil likevel heva ubåten». Det slo statsråd Lisbeth Berg-Hansen fast i Stortinget onsdag føremiddag, eit halv døgn før Transportkomitéen skal avgje si instilling.
– Dette var dramatisk og postivt nytt, kommenterte Øyvind Halleraker (H) og Arne Sortevik (Frp) etter Berg-Hansen sin svar på eit spørsmål i Spørjetimen.
– Berg-Hansen sa tidlegare at ho ønskte å utgreia fleire alternativ. Eg anar framleis ikkje om det står ved lag. Så eg vil avventa å jubla før komitéen kjem med si instilling torsdag. Det avgjerande er som sagt tidsperspektivet for ei heving, sa ordførar Kristin Handeland til Strilen onsdag ettermiddag.
Berg-Hansen sa onsdag at ho var samd i det Jens Stoltenberg svarte på direkte spørsmål frå NRK 19. mai, p¨å ein Vestlands-turne der partileiaren blant ann stoppa I Solund:
«Ja, ubåten skal hevast».


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler