Strilen / Nyheter / – La Mongstad redda Bergen og skåna Hardanger!
Brukernavn 
Passord 
 
– La Mongstad redda Bergen og skåna Hardanger!

– La Mongstad redda Bergen og skåna Hardanger!

– Bruk tid på få til sjøkabel i Har-danger, så kan Bergen i ei krise få gasskraft frå Mongstad.

Publisert 06.08.10 17:38
Endret 06.08.10 17:38

Det er rådet frå gruppeleiar Nils Træland i Høgre, som vil at Nordhordland bør støtta Hardanger for å hindra at regjeringa gjennomfører vedtaket om ni mil med luftspenn frå Sima til Samnanger.
– Inge Alver sin nylege kronikk i Bergens Tidende har fått meg til å tenkja gjennom saka, som har skapt sterke reaksjonar. Eg synest det er på tide at Nordhordland kastar seg inn i debatten for å støtta Hardanger, seier Træland.
Når ordførar Astrid Aarhus Byrknes er tilbake på jobb over helga, vil han ta opp om ikkje Lindås kommunestyre bør koma med ein uttale.

– Me har straum!
Trumfkortet som Træland meiner Nordhordland kan kasta inn i debatten, er gasskraftverket som er i prøvedrift på Mongstad.
– Etter det eg kjenner til, produserer det på kring 50 prosent kapasitet, straum som Statoil sjølv nyttar i dag. Kjem det vintrar der Bergen har mangel på straum, er det vel berre å la gasskraftverket gå for fullt og forsyna Bergen! seier ein engasjert Træland.

Les heile artikkelen i Strilen si papiravis laurdag.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Ny ørkenvandring for Knarvik-kyrkja

Ny ørkenvandring for Knarvik-kyrkja

LINDÅS: Kommunestyret utset bygging av ny kyrkje i Knarvik.

    Politi på fisketur

    Politi på fisketur

    Storfangst i Hagelsundet i dag.

      Må fjerna fire tiltak eller få bot

      Må fjerna fire tiltak eller få bot

      Ein grunneigar på Eikanger må fjerna fleire tiltak i strand­sona, elles vert det eingongsbot og dag­mulkt, har Fylkes­mannen avgjort.

        Hard kamp om ingeniørane

        Hard kamp om ingeniørane

        Det er for tida ein hard kamp om å trekkja til seg ingeniørar, kom det fram då Næringsbarometeret for Hordaland vart presentert tysdag.

          Pengedryss til  gode føremål

          Pengedryss til gode føremål

          Frivillige lag bør kvessa pennen, no er det tid for å søka om støtte!

            Dødsulukke i Hjelmåstunnelen

            Dødsulukke i Hjelmåstunnelen

            Ein person omkom og to vart alvorleg skadde i ei trafikkulukke på Hjelmås tysdag. Politiet mistenkjer at føraren av den eine bilen var rusa.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler