Strilen / Nyheter / – Lindås bryt lova
Brukernavn 
Passord 
 

– Lindås bryt lova

Lindås er i gang med ulovleg nedlegging av skular, hevdar Landslaget for Nærmiljøskulen.

Publisert 22.09.10 16:58
Endret 22.09.10 16:57

– Rådmannen gjer ein blunder ved å prøva å få foreldra til å godta nedlegging i strid med Forvaltningslova. Dette er det heller ikkje dekning for i vedtaket om skuleplan som vart gjort med knappast mogleg fleirtal.

Det seier Torodd Fagerheim, rådgjevar i Landslaget for nærmiljøskulen. Han har slått alarm i eit brev til kommunen med kopi til Fylkesmannen.

I brevet krev LUFS at kommunen må gå fram på lovleg måte, og ikkje ta snarvegar i høve til gjeldande regelverk. Saka er tatt opp på oppdrag frå FAU ved Festo, Skodvin og Kløvheim skular.

«Usanning» som ranselpost
Kritikken er retta mot eit brev frå kommunen dagsett 3. september, med «informasjon i samband med vedtak om ny skulestruktur i kommunen» Det er stila til foreldra og sendt med elevane som ranselpost.
LUFS ser det som ei løgn at kommunestyret i juni vedtok ny skulestruktur, slik rådmannen hevdar. Det kommunestyret vedtok, var «Kommunedelplan for skule 2010-2020».

– Det er alvorleg at administrasjonen no prøver å ta snarvegar, skriv LUFS.

Kvar skule som skal leggjast ned, må konsekvensutgreiast og behandlast for seg, etter reglar i Opplærings- og Forvaltningslova, meiner LUFS.

Forbausa
– At rådmannen gjer denne blunderen, er forbausande avdi kommunen viser at ein kan lovverket. Lovene er følgde heilt fram til kommunestyret sitt vedtak i juni, men ikkje i etterkant, seier ­Torodd Fagerheim.

Han meiner at det no vert opp til politikarane å reagera.
No gjeld Lindås sine opptaksgrenser vedtekne i mai 2001. Dei gjeld til ei ny forskrift om opptaksgrenser er vedtatt, meiner LUFS,

– I skuleplanen skriv kommunen sjølv om den rette framgangsmåten, men no bryt rådmannen den. Rette prosedyrar, som Justisdepartementet informerer om, er verken påbyrja eller sluttførte i Lindås, påpeikar Fagerheim.
Han meiner Lindås ikkje kjem utan om å løyva pengar til drift av alle noverande skular også i 2011.

Ekstra ille
Fagerheim seier at juristar ser ulovleg nedlegging av skular som ekstra alvorleg når det skjer ut frå eit knappast mogleg vedtak i kommunestyret.

– Men Landslaget for nærmiljøskulen prøvde også å stoppa nedlegginga av Flatøy skule utan å nå fram?
– At Fylkesmannen godkjende den nedlegginga, betyr ikkje at me har feil! Etter vår vurdering har Fylkesmannen i Hordaland godkjend fleire nedleggingar av skular som har vore i strid med lovverket, seier Fagerheim.

– Var venta
Ordførar Astrid Byrknes, motstandar av skulenedlegging, var ikkje kjend med brevet då Strilen tok kontakt i går føremiddag. Det var rådmann Øystein Søvik, men heller ikkje han ville koma inn på innhaldet.

– Me har venta på eit innspel frå LUFS, som tek opp dei fleste nedleggingar av skular rundt om i landet.  Dei tok og opp Flatøy, der dei hevda prosessen var dårleg etter lovverket. Me har i alle fall gjort ein grundig prosess når det gjeld lokal medverknad. Elles må me få vurdera brevet nærare, seier Søvik.
Han ser ikkje bort frå at det er aktuelt å be kommunen si advokat om ein uttale.

BLUNDER: Rådmannen i Lindås har ikkje dekning i lova for å gå i gang med nedlegging av skular, skriv rådgjevar Torodd Fagerheim i eit brev til kommunen. BLUNDER: Rådmannen i Lindås har ikkje dekning i lova for å gå i gang med nedlegging av skular, skriv rådgjevar Torodd Fagerheim i eit brev til kommunen.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Westland satsar stort

Westland satsar stort

Fornyar og utvidar hotellet fram mot 2018.

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Alliansen bak Sambandet Vest imøteser god støtte frå fylkestinget, som skal uttala seg om Regional Transportplan til sommaren.

      Blant Hareides topp tre

      Blant Hareides topp tre

      Knut Arild Hareide er imponert og stolt over kor mange KrF-arar Nordhordland har i den politiske leiinga.

        Godt føre i BKK-rennet

        Godt føre i BKK-rennet

        Andreas Nergård og Claus Sellevoll gjorde det bra på Bulken.

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          LINDÅS: Som småfeit reklamemann på 50+ utan jobb, tok Karstein Vabø pedalane og pc-en fatt og skapte seg sin eigen arbeidsplass.

            Kjørte på land i fylla

            LINDÅS: Ein berusa båtførar kjørte i halvellevtida laurdag kveld på land med eit brak i Vallevika ved Seim. Mannen vart utruleg nok ikkje skadd.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler

              På forsiden nå