Strilen / Nyheter / – Rått
Brukernavn 
Passord 
 
– Rått

– Rått

Spekkhoggaren kan verta ti meter lang og åtte tonn tung. Ryggfinna ruvar opp mot to meter. Synet som møtte heldige fedjingar i går var heilt rått.

Publisert 06.03.10 01:06
Endret 06.03.10 01:06

Ikkje rart folk sperra augo opp på Fedje i går. Havet kokte av desse fenomenalt mektige kvalane. Gjermund Havstad var ein av dei som fekk oppleva alt på nært hald. Han har sendt oss følgjande stemningsrapport frå opplevinga fredag:

«Terje og Marybell kom inn med store augo og sa eg måtte vera med Terje ut. Marybell ville ikkje for sitt bare liv. På veg ut kjørte me gjennom daude og halvdaude sild som flaut i overflata. Fuglelivet var heilt overveldande, meir enn eg nokon gong har sett.

Og havet kokte av spekkhoggarar. Vanskeleg å seia kor mange – dei var over alt og på alle kantar av oss. Når fire-fem spekkhoggarar braut overflata og pusta samstundes, var det blåst og sprut og lyd som ein ikkje gløymer så lett.

Og den vesle båten er verkeleg ikkje stor, med dyr som er mykje lengre, få meter unna – og under. Dei veit kvar me er, men me ser dei ikkje.

Men dei hadde berre auge for silda, og jaga den saman i store stimar og angreip med drepande presisjon. Rått.»

Glupske og hurtige
Store norske leksikon skildrar dyra som hurtige og glupske. I hovudsak et dei stimfisk, som silda ved Fedje, men dei tek også sjøpattedyr som kval og sel. Flokkane er familiegrupper med fleire vaksne av begge kjønn og ungar.

Flokkane er stabile over mange år, og kanskje til og med generasjonar. Når flokkane angrip fiskestimar, samarbeider dei. Medan nokre omringar stimen, sym andre inn i stimen for å eta.

Store og gamle
Spekkhoggaren er den største arten i delfin-familien, og vert også kalla staurkval. Hannane vert størst, medan hoa er litt mindre, men vert eldst. Ei ho kan verta opp mot 80-90 år gammal, men 50 år er meir normalt. Hannen vert normalt rundt 30, men kan verta så gammal som 60 år. Ein spekkhoggar kan eta 100 kilo fisk om dagen.

Vanlegare lenger nord
Det er ikkje uvanleg med spekk­hoggarar langs norskekysten. Spekkhoggaren er det mest ut­breidde av alle marine pattedyr, og er meir vanleg i nordområda enn i tropiske farvatn. Nord i Atlanter­havet finn ein flest spekkhoggarar langs kysten av Noreg og nordover mot Island, Russland og Grønland. Den største konsentrasjonen hjå oss er ved Mørekysten og i Lofoten.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler