– Skummelt mange påsette brannar
MELAND: Det har vore mange påsette brannar i Meland. – Skummelt og frustrerande, seier Leif-Atle Træland.
Endret 24.08.10 10:58
Dei siste fem åra er det registrert 1200 påsette brannar i Noreg. Meland kommune har fått sin del, og vel så det.
– Statistikken over påsette brannar er skummel lesing, seier Træland. Han jobbar med brannførebyggjande arbeid i Nordhordland og Gulen.
Sist helg vart det meld om fyr i eit bosspann i Frekhaug senter og brannen spreidde seg oppover ein husvegg.
– Me har konkludert med at brannen er påsett. Heldigvis vart den sløkt før det vart større materielle skadar, seier lensmann Einar Vatne.
– Mesteparten oppklart
Lensmannen kan stadfesta at Meland har fått sin del av slike brannar.
Dei siste åra har det mellom anna brent på ungdomsskulen, i Sveitserhuset, i Meland aktiv, i rådhuset og i eit nedlagt industribygg på Frekhaug.
– Me veit at mange av brannane var påsette. Heldigvis har me også klart å oppklara dei fleste. Brannen i rådhuset var starta av unge som leika seg. Det er ofte tilfelle i slike saker, seier lensmann Vatne til Strilen.
Vatne meiner at det er litt tilfeldig at Meland har hatt så mange branntilløp i den seinare tid. Det trur også Leif-Atle Træland er riktig.
– Det er vanskeleg å forklara kva som skjer, men ein kan frå tid til anna oppleva ein oppblomstring av brannar i same område utan at det treng vera ein samanheng mellom brannane, seier Træland.
Han gjerne vil at avisa skal skriva om emnet, for å få litt fokus på dette.
– Svært alvorleg
– Det er eit svært alvorleg tema. For meg som jobbar med brannførebygging er det også veldig frustrerande å vita at ein stor del av desse brannane vert starta av unge menneske. Undersøkingar på landsbasis viser at eldspåsetjarane ofte er unge. Det kan vera born som leikar med elden eller tenåringar som ofte har dårlege erfaringar på skulen, som kjenner seg litt utanfor eller som ønskjer å markera seg i eit tøft gjengmiljø. Ofte ser dei ikkje konsekvensen av det dei har gjort før det er for seint og brannen er kome ut av kontroll, seier Træland.
Han vil gjerne understreka at dei fleste brannstiftarar vert tatt og straffa med bøter eller fengsel.
– Dette er alvorlege saker og foreldre kan stillast økonomisk ansvarleg dersom born under 15 år har starta ein brann.
– Det vert jobba mykje med brannførebygging i skulen. I dag skal alle vera innom dette temaet i løpet av skuletida, så det er lite hyggjeleg at ungdom toppar statistikken når det gjeld eldspåsetjing. Eg veit ikkje kvifor det er slik. Det er ikkje så lett å vita korleis ein skal gjort noko med dette, men generelt vil eg oppmoda folk om å bruka sunn fornuft og ikkje oppbevara lett antennelege ting utanfor hus og følgja litt med om dei ser uvanleg aktivitet, seier han.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






