– Viktig å finna ut kva ein kan verta betre på
– Eg trur ikkje SAS har ein sjanse til å klara seg. Dei er så kjempeopptekne med ting dei ikkje kan gjera noko med, seier Johan Kaggestad.
Endret 22.01.10 17:35
Den genierklærte idrettstrenaren, TV-kommentatoren, diplomøkonomen og rådgjevaren snakka fredag til ei forsamling av lokale næringslivsfolk som hadde møtt fram på Frekhaug. Her vart det arrangert møte med kjendisen i reig av Nordhordland Handverk- og Industrilag og Nordea.
Betringsfaktorar
Kaggestad har ein heil sentral bodskap om at individ og organisasjonar må finna fram til noko dei kan verta betre på, gjera noko med desse einskildfaktorane, og faktisk måla den framgangen dei gjer. Det skapar i seg sjølv begeistring, når ein kan registrera at det går framover.
Betring kan skje på det mentale plan hos den einskilde, i funksjonane mellom medarbeidarane, og innanfor dei arbeidsspesifikke oppgåvene.
Ikkje spesielle
Ein sentral bodskap frå Kaggestad er at folk i ulike organisasjonar må slutta å tru på at dei er så spesielle at ei oppskrift som er nytta andre stader ikkje vil fungera hos dei. Utfordringane er i stor grad dei same over alt. Iallfall finst det langt fleire felles problemstillingar enn forhold som skil.
SAS nemnte Johan Kaggestad som eit eksempel på at ressursane må setjast inn på faktorar som ein kan gjera noko med. Det nyttar ikkje å gå rundt og klaga over dårlege rammevilkår eller hard konkurranse, som Kaggestad har opplevd at folk i SAS-leiinga gjorde i altfor stor grad. Ein sutregjeng, kalla han dei. Ein må heller satsa på å forbetra seg sjølv, og gjera ting mest muleg rett.
Kva gjer dei beste?
– Korleis gjer dei det, dei aktørane som er best i ein bransje? Dette er noko som folk i all konkurrerande verksemd må spørja seg om. Og dei som gjer det godt, må heile tida vera på utkikk etter noko som kan gjera dei betre. Dei må vera audmjuke og nysgjerrige, og ha klart for seg at det alltid vil vera nokon der ute som ønskjer å ta rotta på dei, sa Kaggestad.
Han har mest fartstid frå idretten, og har engasjert seg mykje i aktivitetar på Toppidrettssenteret. Ifølgje Kaggestad er mesteparten av idrettsfolka som vankar der, ikkje toppidrettsfolk i eigentleg forstand. Dei er berre med.
Trenar ikkje nok
– I Skandinavia har vi innanfor toppidretten eit fokus som er meir menneskeorientert og mindre resultatorientert enn elles i verda. Derfor manglar våre utøvarar ofte nok mot og vilje til å utfordra, og dei trenar heller ikkje nok.
Kaggestad nemnte vår internasjonalt berømte klaverspelar Leif Ove Andsnes som eksempel på ein person som trenar veldig mykje, og er meir fokusert enn våre toppidrettsfolk. Rundt 80 prosent av treninga hans er fysisk basistrening, medan berre 20 prosent er spesifikk konserttrening.
– Dei beste roarane våre har trena kolossalt mykje. Dei har hatt ein god strategi for eiga utvikling, og den har vore basert på kunnskap om korleis ein sikrar kvalitet.
Ikkje mål-fokus
Kaggestad sa at folk i næringslivet ikkje minst må ro i same retninga. Det inneber at alle har den same forståinga av kor ein skal. Altså må alle ha eit klart mål om noko som skal oppnåast.
– Det er viktig å ikkje fokusera på sjølve målet, men derimot på korleis ein kan nå eit mål, og dei mulegheitene ein har for å komma dit. Ein kjem i mål som ein konsekvens av nøyaktig gjennomføring av heilt konkrete tiltaksplanar. Undervegs til målet må ein jamt måla prestasjonane.
Johan Kaggestad hadde også ein del å seia om rolla til leiaren i eit slikt utviklingsløp. Det er leiaren sitt ansvar å utvikla åtferda og potensialet til dei einskilde medarbeidarane, men då må han ikkje ha altfor mange å halda styr på.
Han må også bruka tid til å vera saman med dei tilsette, for å kunne motivera dei og få dei til å sjå sine mulegheiter. Vert leiaren for fjern, klarar han ikkje lenger å vera nokon leiar.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






