Strilen / Nyheter / 121, 5 kg breiflabb
Brukernavn 
Passord 
 
121, 5 kg breiflabb

121, 5 kg breiflabb

Mange har lete seg fasinera over denne breiflabben, men Rune Egil Enoksen har sett større.

Publisert 13.02.10 21:20
Endret 13.02.10 21:12

– Dette er neppe verdsrekord. Eg har tatt ein breiflabb på 121,5 kg, seier Enoksen.

Han har drive som yrkesfiskar i mange år og har sett litt av kvart koma opp av sjøen. I 1979 var han på Røstbanken.

– Det var der me tok den store breiflabben. Han vart tatt på kveiteline. Me vog han, men rapporterte det ikkje inn som nokon rekord.  Yrkesfiskarar gjer sjeldan det. Me får så mykje rart, så me tek oss sjeldan bryet med slikt. Eg trur nok også at det finst andre yrkesfiskarar som har sett like stor breiflabb, seier han.

Enoksen stiller seg også undrande til den rekorden som står oppført på skrei i artikkelen til Strilen.

– Eg veit at det i alle fall er tatt ein skrei på 88,7 kg. Eg hugsar at det hang eit bilde av den på ein vegg ein stad eg ofte var innom på Verøy då eg dreiv fiske i området, seier Enoksen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler