– Har ikkje tenkt å skifta forbund
MASFJORDEN: Lensmann Ivar Holmaas er framleis medlem av Politiets Fellesforbund og har ingen planar om å melda overgang til Norsk Politilederlag.
Endret 13.02.09 17:25
– Tidlegare var det vanleg praksis at politifolk som «rykka opp» til lensmann, melde seg over i det som før heitte Norsk Lensmannslag. Men dei siste åra har ikkje ein slik overgang vore så automatisk, seier Ivar Holmaas.
Han har vore lensmann i til saman fire år, frå nyttår for det nye Masfjorden, Gulen og Solund lensmannsdistrikt.
Med på aksjon
– Politiets Fellesforbund har eg vore medlem av sidan eg vart aspirant i 1984, seier Holmaas.
– Og då var du med alle dei andre politifolka på kontoret som la ned arbeidet halvannan time i den nylege streiken?
– Ja, det er rett. Ein drog til Bergen og var med på fellesaksjonen der. Eg sjølv var att i området og følte det ikkje ubekvemt å delta i streiken eg var tatt ut i. Ein beredskap for å ivareta samfunnet sine interesser var på plass og avtalt med Hordaland politidistrikt, seier Holmaas.
– Tek ansvaret
Han viser til at det etter kvart er ein del lensmenn rundt om i landet som held fram som medlemer i Fellesforbundet.
– Sjølv har eg forståing for frustrasjonen som rår i høve til prosessen rundt arbeidstidsavtalen blant dei menige politifolka. Men som representant for arbeidsgjevar må eg ta ansvaret med å få drifta av kontoret til å gå rundt, seier Holmaas.
Han peikar på at fleire fagforbund enn Politiets Fellesforbund har medlemer over eit breidt spekter.
– Dette er ei utfordring som fleire organisasjonar må takla. Frå dei menige her ved kontoret har eg ikkje oppfatta signal om at eg bør melda overgang til laget som organiserer lensmenn og leiarar. Og eg har ingen umiddelbare planar om å gjera det, seier Ivar Holmaas.
– Og du har ikkje følt problem ved at din lojalitet no må liggja på arbeidsgjevarsida?
– Nei, det har eg ikkje. Me har ulike roller, og det føler eg at alle respekterer.
Mindre hytteavfall, men framleis ofte overfullt
Avfall frå andre enn hyttebrukarane fyller opp konteinarane.?
Tanita i X Factor
LINDÅS: Fredag kan du kanskje sjå Tanita Kolås frå Seim i talentkonkurransen X Factor på TV 2. (Foto: Øyvind Ganesh Eknes)
Siste kortnytt
- Folkemøte om prestestriden [01.09.10 18:21]
- Vurderer 50-sone [01.09.10 18:20]
- Havsportveka skjenka mindreårige [01.09.10 18:19]
- Holmaas vann i NCC-leikane [31.08.10 14:07]
- Kjørte påverka [31.08.10 14:05]
- Stal brannslukkingsapparat i tunnel [31.08.10 14:06]
- E39 stenger [30.08.10 18:21]
- Med pappskilt og utan førarkort [30.08.10 18:20]
- Eitt førarkort og 18 bøter [30.08.10 18:19]
- Stal moped [30.08.10 11:21]
- Med pappskilt og utan førarkort [30.08.10 11:19]
- Eitt førarkort og 18 bøter [30.08.10 11:16]
- Ønskjer seinare ferje [28.08.10 15:08]
- Sykla på ein buss [28.08.10 15:02]
- Seks millionar for fiber til alle [26.08.10 12:02]
- Innbrot på Feste [25.08.10 16:42]
- Stal alt han kom over [25.08.10 16:41]
- Får næringsråd [25.08.10 16:38]
- 19-åring omkom [24.08.10 11:08]
- Hamna i septiktank [24.08.10 11:06]
Mest lest
- Det er ikkje eit naust [28.08.10 15:16]
- Hamna i fjellveggen [16.08.10 11:07]
- Facebook-gruppe støttar Overå [30.08.10 18:14]
- Fekk plassane dei ville ha [04.08.10 18:17]
- Føler seg mobba av bispen [24.08.10 10:50]
- – La Mongstad redda Bergen og skåna Hardanger! [06.08.10 17:38]
- Passar munnen etter heftig symjetur frå Fedje [17.08.10 10:53]
- Asfalt for millionar [13.08.10 17:17]
- Toppar fjoråret [13.08.10 18:25]
- Mista lappen, teken på nytt [02.08.10 13:10]
- Tanita i X Factor [31.08.10 14:29]
- Ekstrem moro [16.08.10 13:40]
- Sydde tre kjolar til sitt eige bryllaup [31.07.10 17:03]
- Byggjer ei bru, neste må venta [16.08.10 18:14]
- Smell ved flytebrua [25.08.10 09:13]
- Lindås på veg mot 15.000 [20.08.10 17:38]
- I fengsel for svindel [28.08.10 15:17]
- No startar kystsogevekene [11.08.10 12:53]
- Etterlyser trygt fortau [06.08.10 17:33]
- Kritisk til trafikksikringplan [11.08.10 18:08]
Mest tipset
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Anne klar for Grand Prix [30.12.07 13:19]







