Strilen / Nyheter / Ankar hytteriving
Brukernavn 
Passord 
 
Ankar hytteriving

Ankar hytteriving

– Eg vert nedringt med sympati-erklæringar, seier eigaren av hyttene politikarane i Lindås vil riva.

Publisert 06.03.10 12:14
Endret 06.03.10 12:09

Han opplyser torsdag, ikkje overraskande, at Lindås-politikarane sitt krav om riving vert anka.

– Me er framleis i sjokk. Dette tek veldig hardt på, seier hytteeigaren i Bergen, som førebels ikkje ønskjer å stå fram med namn.

I tillegg til kjøpesummen på kring 1,4 millionar kroner, opplyser eigaren å ha lagt ned kring 1,5 millionar i oppussing og innlegging av straum.
Alt må rivast, vedtok Planutvalet 24. februar.

Sterk støtte
– Eg har nesten ikkje fått tid til anna enn å ta imot støtteerklæringar frå kjende og andre. Eg har stadig måtta lada mobiltelefonen, seier hytteeigaren.

Han og kona har engasjert advokat som vil ta tak i saka over helga.

Eigarane hadde rekna med at dei to anneksa måtta rivast, men vart svært forbausa då politikarane gjekk imot administrasjonen og vil riva også hovudhytta bygd for kring 40 år sidan, samt kai.

– Mot rettsoppfatning
Byggmeister Morten Nytun, som bistår kjøparen som ansvarleg søkjar, seier  han har vanskar med å sjå kommunen sitt grunnlag for å lukka delar av møtet.

– Dessutan trur eg det må vera feil saksbehandling at kommunen har tatt stilling til saka som dispensasjon. Det var innvilga for hytte og naust i 1969 og må vera eit gyldig vedtak. Men eg er byggmeister, ikkje jurist. Elles er det tydeleg at vedtaket om riving strir mot mange si rettsoppfatning, seier Nytun.

– Gjeld mange
Nytun viser til at det er svært mange som har sendt inn kommentarar til BT sin artikkel på bt.no.

– Blant anna vert det vist til at drap vert forelda etter 25 år, påpeikar Nytun.

Nytun trur kommunane kan få store vanskar med ei handheving som Lindås legg opp til, ut frå at det står mange hytter utan papira i orden.

– Kommunane og fylkesmannen bør på prinsipielt grunnlag setja ein strek for kor langt tilbake i tid ein skal gå. Står kommunane faste på riving, kan det og koma rettssaker ein risikerer å tapa, seier Nytun.

Han trur og den mykje omtalte saka i Lindås vil få hytter med ferdigattest til å stiga kraftig i verdi.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler