Anne klar for Grand Prix
Endret 30.12.07 13:19
– Det var Per Sundnes i NRK som kontakta meg og spurde om eg kunne tenkja meg å vera med i den norske Melodi Grand Prix-finalen neste år, enten med ein eigen melodi eller med noko andre hadde skrive. Det kunne eg berre ikkje seia nei til, for dette passa veldig bra med planane mine, for no kan eg tenkje meg å satsa meir på ein songkarriere igjen, seier ei lukkeleg Anne Hvidsten til Strilen.
26-ringen frå Austrheim, som no er busett i Alversund, vart for tre år sidan godt kjend med melodien «Need to know», som vart spela veldig mykje på radioen.
Då gav ho også ut plate med same namn, som fekk gode kritikkar.
Det var opptreden i programmet «Store Studio» som gjorde at ho vart kjend med Sundnes, som var ein av programleiarane der.
Gjera noko anna
Etter plata for tre år sidan har det vore stillt rundt Anne Hvidsten.
– Eg fekk lyst å gjera noko anna, og eg var i stuss på om eg ville satsa på ein songkarriere, fortel ho.
Tida har ho både bruka til å ta utdanning i marknadsføring og bachelor-grad i journalistikk ved Universitetet i Bergen.
Og så har ho gift seg og vorte mor til ei dotter som er 17 månader første nyttårsdag.
Fengande låt
Anne Hvidsten har heile tida skrive melodiar, og når ho fekk det smigrande tilbodet frå Per Sundnes, hadde ho faktisk ein låt liggjande i skrivebordskuffen.
– Den heiter «A Little More» og er ein fengande gladlåt, som eg trur skal passa godt i Grand Prix, seier ho.
Songen handlar om å vera forelska og leva no, om å kasta alle hemningar. Songen skreiv ho rett etter at ho hadde treft han som ho no er gift med.
Stemma
Reglane i Grand Prix er no slik at der er tre delfinalar, der det er seks deltakarar i kvar. Anne skal vera med i den andre, som vert avvikla i Konsvinger fredag 18. januar. Dei to andre delfinalane skal vera i Stavanger og Bodø.
Det er fjernsynspublikummet som stemmer ved å ringja eller senda tekstmelding. Dei to melodiane som får mest stemmer, går rett til den endelege finalen, som vert avvikla i Oslo Spektrum. Dei som kjem på tredje- og fjerdeplass i dei tre delfinalane, får ein ny sjanse i programmet «Siste sjansen», der to går vidare til den norske finalen.
– I dette opplegget er ein heilt avhengig av å få sjåarane til å stemma på seg, så eg oppfordrar hermed alle som les Strilen, til å stemma på meg, smiler Anne Hvidsten.
Så vidt ho veit, er ho den første frå Nordhordland som er med i Grand Prix. I den delfinalen ho er med i, skal også Maria Haukås Storeng, som er kjend frå Idol, vera med.
Sommarfuglar
I Kongsvinger-hallen skal det sjølvsagt vera fullt av publikum, og det vert ei ny oppleving.
– Eg har aldri sunge framfor eit så stort publikum før, så det vert spennande. Eg vil nok ha litt sommarfuglar i magen, vedgår ho.
Opplegget er slik at all musikken ligg på boks på førehand og musikarane berre mimrar. Men all song og koring er live, så det er viktig å ha dagen.
Likar Grand Prix
Anne Hvidsten håpar at deltakinga i Melodi Grand Prix skal føra med seg fleire oppdrag, sjølv om ho no ikkje har noko bestemt på blokka.
– Å nå ut til eit så stort publikum som dette, er ein sjanse ein ikkje får så mange gonger, seier ho.
Og ho avslører at ho elskar Melodi Grand Prix og har sett på det heilt frå ho var lita.
– Det er både show og litt harry på same tid og noko som folk har veldig sterke meiningar om.
Så får tida visa kor langt ho kjem i dette sirkuset.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






