Strilen / Nyheter / Asfalt for millionar
Brukernavn 
Passord 
 
Asfalt for millionar

Asfalt for millionar

Holete kommunale vegar i Lindås får no sårt tiltrengt asfalt.

Publisert 13.08.10 17:18
Endret 13.08.10 17:17

– Me er godt i gang og brukar i år fem millionar kroner, slik som avsett på budsjettet, opplyser avdelingsleiar Arne Eikefet.
Torsdag var det innleigde firmaet i gang med Gaulen-vegen. Frå før har Hagesæter, Hilland-vegen i Alverstraumen og delar av vegen til Reikerås fått nytt dekke.

Historisk løft
Strekningane som står for tur i denne runden, er Skårnes, Keilegavlen, Storokse, Hjelmtveit og Kopperdal.
– Tidlegare år har asfalteringa lagt på om lag ein million kroner i året, nokre år ingenting. I fjor asfalterte me for historisk høge 6,5 millionar kroner, derav 3,5 millionar i reasfaltering takka vera den statlege tiltakspakka. Neste år er det i økonomiplanen sett av tre millionar kroner. Så får me sjå kva budsjettprosessen i haust konkluderer med, seier Eikefet.
– Kva strekningar må venta?
– Det er ei strekning på rundt 50 kilometer rundt om, i tillegg til mange strekningar med gammalt og dårleg dekke som burde vore reasfaltert.

Grusfritt i 2018?
– Kor lang tid tar det så før kommunen er à jour med å fornya dekket på dei kommunale vegane?
– Med dagens økonomiplan og vidare kopiering av denne, får me asfalt på grusvegane i løpet av om lag åtte år. Men me har eit stort etterslep og forfall på dei gamle asfalt- og oljegrusvegane. Her burde det vore brukt minst fire millionar kvart einaste år i tillegg til dei førebels tre som er avsett til asfaltering. Ønsket er altså minst sju millionar årleg til asfalt fram til og med 2018.
–  Kva skjer med Isdal-vegen og asfalt/eventuelt fjerning av dekke?
–  Me har førebels ikkje hatt kapasitet til å gå laus på denne, men her ligg det politiske vedtak på at delar av vegen skal tilbakeførast til grusdekke og det skal han sjølvsagt få, seier Arne Eikefet


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler