BBC filma på Fedje
– Nordsjøen er like viktig for Storbritannia, som den er for Noreg. Me er verdsborgarar og naboen sitt problem kan fort bli ditt, seier BBC-reporter Roderick Munro. I framgrunnen kaptein Oddvar Nilsen Husa på «Olavson» som tok filmteamet ut på staden der U-864 ligg senka.
Endret 31.08.10 14:18
På Fedje har eit skotsk nyheitsteam filma heile helga. I fokus står den tyske ubåten U-864. Den var på veg mot Japan med 67 tonn kvikksølv fordelt på 1875 stålbehaldarar, og vart senka av den britiske ubåten HMS Venturer 9. februar 1945. I tillegg til alt tungmetallet var den lasta med prototypar av jetmotorar og 27 skarpe torpedoar.
Brei sendeflate
BBC-programmet Eórpa tek for seg saker i hele Europa og kan sjåast av alle som har Astra-satellitt. Innslaget vert også sendt på BBC Alba, BBC Two, BBC Parliament og BBC iPlayer.
Reporter Munro snakkar skotsk gælisk, men programmet er teksta. Alle intervjuobjekt snakkar norsk.
– Den menneskelege biten er høgt prioritet i sakene våre. Då sjølvsagt i tillegg til miljøaspektet og det politiske spelet rundt dei forskjellige sakene, meiner Munro.
Saman med kameramann Stephen Hughes og produsent Colin MacLeod, har dei tatt turen frå hovudbygget Pacific Quay i Glasgow, for en vekes arbeid i Noreg. Til saman har dei godt over 20 års fartstid for den anerkjente kanalen. Turen til Vestlandet har dei førebudd i lengre tid.
– Fedje er ganske lik øya Harris på Hebridane, der eg kjem frå. Både med tanke på landskapet og den vennlege lokalbefolkninga, seier reporteren.
Med kvalfangskuta «Olavson» tek kaptein Oddvar Nilsen Husa og Jan Nilsen, filmteamet med dei to kilometrane ut i skjergarden der vraket av U-864 er lokalisert.
– Me har hatt mange tankar etter at ubåten vart oppdaga av KNM Tyr i 2003. Undervasstraumen går nordover like ved vraket og me fiska mykje her då me var unge. No tenkjer eg mest på dei kommande generasjonane, seier Husa.
Han meiner at det er essensielt for norsk fiskerinæring at ubåten vert henta opp frå havet.
Makteslaust og overkjørt
Reidun Moldøen og Lisbeth Stuberg er blant dei mange som vart intervjua av filmteamet. Dei kjente til «Minamata-saka» frå Japan der fleire tusen menneske vart forgifta og bestemte seg for at noko måtte gjerast. Folket møttes på den lokale butikken der dei starta Folkeaksjonen for heving av ubåten. Sidan den gong har det vore mykje fram og tilbake i politikken.
– Ein kjenner seg makteslaus og overkjørt. Me må kanskje også gå noen rundar med oss sjølve, før me kan bretta opp armane og begynna å jobba med saka på nytt igjen, seier Stuberg og legg til:
– Både statsminister Jens Stoltenberg og fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen sa i løpet av mai månad at ubåten skal hevast. Samtidig vil dei ha ei ny utredning om muligheitene for tildekking. Me kan ikkje stola på det regjeringa seier og løfta dei kjem med.
Arbeidarpartiordførar Kristin Handeland tillet seg ikkje å tru anna enn at U-864 skal hevast.
– Det er ei utruleg spennande historie. Det er veldig spesielt at noko som skjedde for godt over 60 år sidan, kan vere ein slik trugsel no, seier Munro.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






