Strilen / Nyheter / Bil brann opp
Brukernavn 
Passord 
 
Bil brann opp

Bil brann opp

Del | |

LINDÅS: Ein personbil brann opp ved Alversund skule natt til søndag.

Publisert 24.06.12 11:10
Endret 26.06.12 10:47

Brannvesenet vart varsla klokka 03.48 natt til søndag om at ein personbil stod i brann ved Alversund skule. Brannen var sløkt 04.08, melder brannvakta i Bergen til Strilen. Men personbilen, nærast eit vrak, var heilt utbrend. Han har stått parkert ved skulen i lengre tid.

Kva som er årsaka til brannen, er ikkje kjent, men vakthavande Erik Hole ved politivakta i Bergen seier at ein ikkje utelukkar at brannen kan vera påsett, og at ein vil etterforska saka.

Bilen stod så langt frå skulen at det ikkje skulle vera fare for at den skulle ta fyr. Det var heller ikkje bustadhus heilt i nærleiken. Ingen personar kom til skade i brannen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Vil gje Skodvin utsetjing

Vil gje Skodvin utsetjing

LINDÅS: Nedlegging av den kommunale Skodvin skule bør utsetjast eitt år, meiner eit klart fleirtal i levekårsutvalet i Lindås (bilde).

    Radøyløpet vart folkefest

    Radøyløpet vart folkefest

    Heile 306 personar i alle aldrar deltok på Radøyløpet 2. pinsedag. Av dei 26 som sprang på tid, var Øyvind Franzen (nr. 60) raskast.

      Folkemøte på Byrknes

      GULEN: I morgon ettermiddag, onsdag, vert det folkemøte på Byrknes om Hordalandsavtalen.

        Ayla måtte avlivast

        Ayla måtte avlivast

        MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.

          Lathi på Everest for andre gong

          Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.

            Tok årets første bad

            Tok årets første bad

            MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.

              Siste kortnytt