Bil og båt totalskadde i brann
Endret 14.01.08 15:18
Det var natt til måndag avisbodet oppdaga at det brann i firmabilen til Roger Evensen like nordom Kårbø. Varebilen stod parkert i hagen inntil ein liten plasthall der Evensen hadde ei 22 fots plastsnekke med overbygg ståande. Frå hallen og til husveggen var det knapt fem meter.
Spylte huset
– Hadde vinden blåse mot huset, kunne det gått heilt gale, seier Linda-Kristin. Då avisbodet fekk vekt dei to vaksne og tre borna som låg og sov, var bilen og hallen alt overtent og det blæs godt. Difor var det første dei gjorde å spyla huset med hageslangen slik at ikkje brannen skulle spreia seg dit. Deretter kjørte dei vekk privatbilen, som også stod parkert i tunet.
Hissig brann
– Det tok si tid før brannfolka kom sidan dei ikkje har brannfolk med utstyr her i Meland. Men dei gjorde så godt dei kunne då dei først kom, seier Linda-Kristin. Brannen var sløkt klokka fem.
Ho meiner det er liten tvil om at brannen starta i bilen, sidan hallen var heilt blotta for presenning på den sida. Dessutan var det ingen brennbare ting i hallen. Alt slikt var plukka ut av båten og låg inne i kjellaren sidan båten skulle pussast opp, fortel ho. Men kvifor det skulle ta til å brenna i ein to år gamal bil, forstår ho ikkje.
– Bilen hadde ikkje vore i gang sidan laurdag, seier ho. Under brannen høyrde ho eit par smell, men kva det var vil dei først finna ut under etterforskinga.
Vil takka avisbodet
No vil ho og mannen prøva å få tak i namnet på avisbodet for å få takka han for at han for innsatsen.
– Dersom han ikkje hadde slått alarm, er det ikkje godt å seia korleis det hadde gått, seier ho.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






