Strilen / Nyheter / Børge syklar Noreg på langs
Brukernavn 
Passord 
 
Børge syklar Noreg på langs

Børge syklar Noreg på langs

ALVERSUND/ALTA: Når Børge Brundtland får lyst å gjera noko som ikkje er heilt A4, syklar han gjerne Nordkapp – Lindesnes.

Publisert 29.06.10 11:34
Endret 29.06.10 11:32

– Eg er berre sånn at eg av og til får lyst å gjera litt ekstraordinære ting, seier den 41 år gamle styreleiaren i Bergen Turlag. Sidan han er glad i både å sykla og gå i fjellet, slår han no to slag på same fluga og gjer begge deler.
– Målet å få mest mogleg ut av turen, ikkje å sykla etter klokka eller setja nokon rekordar. Om eg kjem fram til Lindesnes, eller må gje meg undervegs, betyr ingenting, seier han.

Trivst åleine
Dei første tre dagane hadde han følgje av faren, Rune Brundtland i følgjebil. Resten av turen skal han gjera åleine.
– Det hadde jo kanskje vore kjekt å vera fleire, men så fort som eg bestemte meg denne gongen, skulle det godt gjerast at det skulle passa for andre. Men det er jo praktisk å vera åleine utan nokon å ta omsyn til også, seier han.

Motvind og regn
Strilen fekk tak i den spreke syklisten torsdag 24. juni, to dagar etter at han starta frå Nordkapp. Då hadde han kome litt sør for Alta og lagt bak seg det som truleg er den tøffaste strekninga på heile turen.
– Eg veit ikkje heilt kva som var tøffast – etappen frå Oldefjord til Skaidi eller etappen frå Skaidi over Sennalandet, ler han.
Frå Olderfjord starta han i sterk motvind og regn, og det var så vidt det gjekk på fram. Men etter tre timar kunne han omsider nyta ein velfortent lunsj på kroa i Skaidi medan han mota seg opp til seksti kilometer heilt utan busetnad over Sennalandet. Men herr Brundtland har vore ute ei sommarnatt før.
– Det slutta rett nok å regna, men vinden var like tøff, og det gjorde det ikkje betre at eg møtte nokre syklistar som kom seglande i medvind, ler han.

Mot varmare strøk
Men etter tre timar i motbakke var han omsider på toppen av vidda. Og der fekk han ei oppleving som gav lønn for i alle fall litt av strevet.
– Over hundre reinsdyr kryssa vegen berre femti meter framfor meg. Det var flott, seier han.
Under nedstigninga begynte det å regna igjen, og lufttemperaturen viste seks grader, mindre enn halvparten av badetemperaturen heime. Men det var kaldare dagen før, så her var det berre å tenkja positivt og trø vidare mot varmare strøk.
Etter 140 kilometer og 8,5 timar effektiv sykling, kunne han endeleg sjå Alta.

Kald start
Turen starta frå Nordkapp ved midnatt natt til tysdag. Då var det lyst og ikkje tåke eller skydekke på Nordkapp, og planen var å gjera den tøffaste delen av turen unna i fint ver.
Men det var kaldt.
– Faren min lurte på korleis han fekk på setevarmaren i bilen, medan eg stod utanfor og fekk oppakking på sykkelen. Fleire utanlandske turistar gjekk rundt med sovepose rundt seg, ler han.
Men ein liten sykkeltur vart det no, og første overnattinga var i ei hytte i Skarsvåg nokre kilometer sør for Nordkapp.

Fører turblogg
Som oppvarming på turens første heile dag med sykling, tok Børge og Rune ein tur opp til landemerket Kirkporten i Skarvåg. Deretter starta dagens første etappe i fem grader motvind og litt varierande regn.
– Det var flott å sykla langs Porsangerfjorden sjølv om det var langtekkelig, men med mange reinsdyr å sjå på langs vegen og flott natur, gjekk 100 kilometer ganske greitt, syntest Børge. «Det er godt å være i gang» seier han på bloggen, som kona Merete skriv for han. (www.naturopplevelser.blogg.no)
– Internettkafeane står ikkje akkurat i kø her, ler han.

Langt mellom butikkane
Då Strilen snakka med Børge torsdag, hadde han sykla 4-5 mil frå Alta til Talvik. Der nytta han sjansen til å hamstra litt proviant.
– Det kan jo vera seks mil til neste butikk, og sidan eg ikkje kjenner opningstidene, kan det kanskje vera åtte mil til neste dersom den eine er stengt, seier han.

Må avgrensa fjellturane
Frå Nordkapp og Lindesnes er det om lag 3000 kilometer, og så langt har Børge aldri sykla før.
– Eg sykla 1000 kilometer ein gong for mange år sidan, seier han. Men med ein heil månad sett av til sykkelturen trur han det skal gå heilt fint visst han ikkje vert freista til for mange fjellturar på vegen.
– Det er jo så mykje vakkert å sjå her, så problemet vert å avgrensa meg, seier han. I oppveksten har familien Brundtland feriert mykje i Nord-Norge, så Børge er godt kjend. No er planen å gjera ting det ikkje vart tid til på desse turane.
– Når eg kjem til Senja, ein av dei vakraste stadane i landet, skal eg for eksempel gå på fjelltur med ein eg kjenner der. Og så vil eg gå litt i Vesterålen og på Helgelandskysten. Det har eg hatt lyst til lenge, seier han.

På ferie i Lindesnes
Frå Tromsø skal han følgja kysten nedover. Etter Senja og Vesterålen skal han trø Lofoten og inn til Bodø. Deretter Helgelandskysten til Brønnøysund, gjennom Trøndelag, til Åndalsnes, om Trollstigen og til Byrkjelo. Frå Førde tek han strake vegen heim til Alversund for å dusja før han tek kystvegen til Lindesnes.
Der skal han møta Merete, Jørgen på fire år og Marie på seks år og ha ferie.
– Er dei glade i å sykla?
– Ja, spesielt Jørgen. Han fresar rundt på sykkelen sin heile tida, så om nokre år kan eg kanskje ta han med meg på små turar, seier han.
– Har du eit tips til andre som har tenkt og tenkt på ein tur som dette, men aldri gjer alvor av det?
– Ja, dette er noko kven som helst kan gjera. Det er berre å bestemma seg og gjera det. Ein må ikkje tenkja på alle eventuelle problem som kan oppstå før ein dreg, og ein må ikkje vera alt for fokusert på å nå målet. Ta med deg dei opplevingane som er, og fortsett neste dag. Det har eg tenkt å gjera, seier han.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler