Strilen / Nyheter / Bosseksporten gjev berre liten prisauke
Brukernavn 
Passord 
 
Bosseksporten gjev berre liten prisauke

Bosseksporten gjev berre liten prisauke

Å senda restavfallet til Sverige vert ikkje så mykje dyrare enn å deponera det i Kjevikdalen.

Publisert 07.07.10 17:50
Endret 07.07.10 17:49

– Me hadde frykta ein stor auke, men det vert ikkje så gale. Litt raskt utrekna vil forskjellen på forbrenning kontra deponi utgjera kring 150 kroner i året, med moms, per abonnent, seier Erlend Kleiveland, dagleg leiar i NGIR.

Renovasjonsavgifta for 2011 skal handsamast i NGIR sitt representantskap i oktober. Og når avgifta skal fastsetjast er det også andre ting som vil telja med enn den prisauken ein veit om så langt. Til dømes vil avfallsmengde og transportkostnader påverka prisen.

– Det er dyrare å senda avfallet til Sverige enn å deponera. Men det gjev ikkje så store prisutslag sidan svenskane var billegare enn dei norske anlegga, seier Kleiveland.

Krav om miljø
NGIR har ikkje nokon avtale direkte med forbrenningsanlegga, men med den norske avfallsmeklaren Rekom. I dag går mesteparten til Sverige, men noko også til norske anlegg.

– Me har sett ein del krav til dei anlegga som det skal leverast til, dei skal mellom anna ha ein viss miljøstandard. Dei to anlegga i Sverige som mesteparten av avfallet skal leverast til, har svært høg miljøstandard og utnyttar om lag 95 prosent av energien i avfallet.

Dersom transporten til Sverige går med vogntog som elles ville gått austover tomme, slår det positivt ut i miljøvurderinga. Det er dessutan betre økonomi for NGIR og dermed abonnentane, sidan ein slepp betala diesel og sjåfør begge vegar.

– Endringar i dieselprisen er elles ein av fleire ting som vil endra prisen på kontrakten. Prisen vert regulert opp mot fleire indeksar, der drivstoff er ein av fleire.

Sender to vogntog
Leveringa starta rett etter påske, og det går per i dag to vogntog dagleg frå Kjevikdalen, der omlastinga skjer utandørs inne på anlegget.

– Me har søkt Lindås kommune om å få byggja ein omlastingsterminal, seier Kleiveland.

Den søknaden skal handsamast politisk over sommaren.

NGIR har ikkje merka noko endring i resirkuleringsgraden etter at dei byrja å senda restavfallet til forbrenning.

– Me har ikkje merka noko på sorteringsgraden, og vil at folk skal sortera minst like godt som før, seier Kleiveland.

Det NGIR derimot merka var lite avfall i vinter, og dess meir i april og mai, noko som nok skuldast at hageryddinga vart utsett med all snøen som låg dei første månadene i 2010.

SORTERA: Dagleg leiar i NGIR, Erlend Kleiveland, håpar folk held fram med å sortera, sjølv etter at restavfallet no går til forbrenning. SORTERA: Dagleg leiar i NGIR, Erlend Kleiveland, håpar folk held fram med å sortera, sjølv etter at restavfallet no går til forbrenning.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Brua er på plass

Brua er på plass

GULEN: Brua over Brandangersundet er løfta på plass.

    Rockefest i Austrheim

    Rockefest i Austrheim

    Laurdag 11. september vert det rockekonsert for alle i Austrheimhallen.

      Mindre hytteavfall, men framleis ofte overfullt

      Mindre hytteavfall, men framleis ofte overfullt

      Avfall frå andre enn hyttebrukarane fyller opp konteinarane.?

        Riisnes går  til filmen

        Riisnes går til filmen

        MASFJORDEN: Erik A. Riisnes vert å sjå i NRK Fjernsynet neste år.

          Tanita i X Factor

          Tanita i X Factor

          LINDÅS: Fredag kan du kanskje sjå Tanita Kolås frå Seim i ­talentkonkurransen X Factor på TV 2. (Foto: Øyvind Ganesh Eknes)

            BBC filma på Fedje

            BBC filma på Fedje

            – Nordsjøen er like viktig for Storbritannia, som den er for Noreg. Me er verdsborgarar og naboen sitt problem kan fort bli ditt, seier BBC-reporter Roderick Munro. I framgrunnen kaptein Oddvar Nilsen Husa på «Olavson» som tok filmteamet ut på staden der U-864 ligg senka.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler

              På forsiden nå