Byggjer ei bru, neste må venta
Til jul skal du kunna kryssa vegen trygt ved søre Alverflaten. Men ved Alversund skule vert prosjektet forseinka.
Endret 16.08.10 18:14
– For fotgjengarbrua ved Alversund skule har me eit problem, der har det ikkje kome inn anbod som me kan godta, seier prosjektleiar Arnljot Jordal i Statens Vegvesen.
Dermed vert det ny anbodsutlysing i september. Den siste planen er at brua skal vera på plass til skulestart i 2011, eit halvt år seinare enn tidlegare tenkt.
Mange entreprenørar viste først interesse for å ta jobben, men det kom ikkje inn tilbod som vegvesenet kunne godta.
Ti millionar
– I mellomtida kan me gjera noko meir detaljprosjektering, så det vert ikkje berre ei forseinking, seier Jordal.
Brua skal betalast med ti millionar kroner som Lindås
kommune fekk frå tiltakspakken mot finanskrisa.
Denne løysinga for fotgjengarsikring ved Alversund skule var elles mykje omstridt, før Lindås kommune til slutt gjekk inn for at det skulle byggjast bru, heller enn å grava og laga undergang.
Bru i sør
Arbeidet er derimot i gang i den søre enden av Alverflaten, der det skal komma ei fotgjengarbru over den siste fornyinga av vegen Alverflaten-Isdal. Sjølve brufundamenta kunne ein sjå konturane av alt då Mesta laga den nye vegen, no er same entreprenør på plass igjen for å gjera alt heilt ferdig.
– Gangbrua skal vera på plass og klar til bruk før jul, medan heile prosjektet har tid fram til ferien neste år, seier Jordal.
Omfattande
Prosjektet omfattar ein god del meir enn berre brua og gangvegar opp dit. Det skal lagast gangveg frå oppsida av brua og inn på Lindås tomteselskap sitt nye industriområde, det skal komma gangveg heilt ned til Bikuben-tomta, busslommer skal oppgraderast, og det skal lagast ein kulvert for Isdal-elva. Vidare skal det gjerast arbeid på vass- og avlaupsnettet til Lindås kommune, og ein del trafikksikringsarbeid på strekninga Isdal-Alversundbrua, mellom anna heving av noko rekkverk og utbetring av rekkverksavslutningar.
– Heile dette prosjektet har ei ramme på seksten millionar kroner, seier Arnljot Jordal.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






