Strilen / Nyheter / Delar av hytteparadiset kan ryka
Brukernavn 
Passord 
 
Delar av hytteparadiset kan ryka

Delar av hytteparadiset kan ryka

LINDÅS: Nye eigarar sit i klemma fordi einaste byggjeløyvet for dette hytteparadiset er for eit lite naust.

Publisert 20.02.10 11:03
Endret 20.02.10 11:02

– Me fekk sjokk etter å ha undersøkt litt hjå kommunen. Hovudhytta er berre registrert som naust.

Det skriv eit par som påska 2006 kjøpte seg eit hytteparadis ved Gjervågen på Rosnes nord for Lindås.

Dei nye eigarane oppgjev i korte trekk denne historia for hytta:

– Hovudhytta vart bygd heilt i sjøen i 1969. To anneks vart bygde oppom hytta 20 år seinare, etter at grunneigarane hadde gitt løyve til dette.

– Nye eigarar vart i 2006 gjort merksame på at det ikkje var søkt om løyve til dei to anneksa. Men dei var teikna inn på kommunen sine kart, og betalt bossavgift for i alle år.

– I god tru
– Seljaren «meinte at dersom dette hadde vore eit problem, ville dei nok høyrt noko for lenge sidan. Me valde diverre å tru at dette var greitt», skriv dei nye eigarane i eit brev til kommunen. Dei viser til at hytta har stått i 40 år og anneksa i kring 20, «ikkje til sjenanse for nokon».

Dei nye eigarane ønskjer ikkje å stå fram og kommentera saka offentleg no.

– Me har kjøpt i god tru. Salet gjekk diverre ikkje gjennom meklar. Hadde me fått vita av seljaren at papira ikkje var i orden, hadde me naturleg nok ikkje kjøpt, seier eigaren. Han legg ikkje skjul på at saka er ei stor belastning for familien.

Kjøpesummen for eigedommen var kring 1,4 millionar. I tillegg er det lagt ned både mange timar og store summar i å opprusta eigedommen.

– Ulovleg plassert
– Den nye eigaren kan visa til ein dispensasjon for hytte og naust, seier byggmeister Morten Nytun.

Han er beden av eigaren om å levera inn nødvendige søknader for å få ei legali­sering av det som er bygd på eigedommen.

Kommunen slår fast at det rett nok er gjeve ein dispensasjon, men det kom aldri inn nokon søknad. Dermed er det aldri gjeve noko byggjeløyve for det kommunen no ser på som tre hytter.

– Ulovlege anneks
Nye eigarar oppgjev at to søner av den som bygde hytta, «for 20 år sidan bygde kvart sitt lille anneks på under 20 kvadratmeter». Dei meinte at bygg på denne storleiken ikkje trong kommunen si godkjenning.

På eit nabovarsel frå 1991 er oppført «2 hytter á ca. 40 kvm». I ettertid har kommunen vore på synfaring og føretatt oppmåling.

Der kommunen sa ja til eit naust, står det ei hytte på vel 86 kvadratmeter. Foto avdekkar også at hytta har fått eit tilbygg etter 2003.

Anneksa vurderer kommunen som to hytter, ei på nær 48 kvadratmeter og ei litt større. Samla ulovleg bygd areal er dermed 180 kvadratmeter.

«Under sterk tvil»
Trass mangelen på byggjeløyve, kjem rådmannen til at hovudhytta og kaien kan få stå. Fordelane ved å gje dispensasjon er større enn ulempene.

Men tilrådinga er gjeven under sterk tvil. Fylkes­mannen rasar mot den ulovlege bygginga, som er i LNF-område. Han rår frå dispensasjon og har rett til å klaga på det vedtaket Lindås kommune måtte koma fram til.

Lovendring
Frå 1. januar 2008 kom det inn ei endring i meklarlova som pålegg meklar å innhenta dokument som viser at eit salsobjekt er lovleg oppført, som til dømes ferdigattest.

– Dersom det manglar byggjeløyve, kan det verta ei juridisk vurdering om dette er ein alvorleg nok mangel til å heva kjøpet. I slike tilfelle kan det verta ein diskusjon kva ny eigar kan få godkjend, seier eigedomsmeklar Magne Stor­heim på generelt grunnlag.

Det omtalte salet skjedde før denne lovendringa.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler