Strilen / Nyheter / Der alle vinn banketten
Brukernavn 
Passord 
 
Der alle vinn banketten

Der alle vinn banketten

Kva gjer det om ein berre vinn ein av fire kampar og ender med minus tolv mål, så lenge det er gøy...

Publisert 09.09.10 09:22
Endret 09.09.10 09:21


Endeleg kom helga tolv av fotballspelarane frå NBK har venta på og gledd seg til eit heilt år. Frå fredag til søndag samla 1300 deltakarar seg til den tjuande landsturneringa i handball og fotball for psykisk utviklingshemma i Bergen.

Rekorddeltaking
Til turneringa hadde heile 91 lag meld seg på, derav 57 i fotball der Nordhordland ballklubb deltok. Laurdag spelte dei heile tre kampar på rekkje og rad, og søndag ein. Men sjølve kampane var berre halvparten av moroa.

Parade og grillfest
Under landsturneringane vert det alltid lagt stor vekt på det sosiale fellesskapet. Her møter ein att gamle kjende og får mange nye vener.
Fredag vart turneringa opna med show og ordførar på Torgalmenningen, parademarsj til Grieghallen og grillfest på Edvard Griegs Plass.

Larsen- og Nielsen-show
Laurdag kveld var det bankett i Grieghallen etterfølgt av show og dans med Rune Larsen og Helge Nielsen. Og der vann alle suverent!
Med seg hadde fotballspelarane våre ti medhjelparar, og dei kunne heia eller delta på fagseminar om kosthald og aktivitet, og idrett utan grenser.

5’ar fotball
Nytt av året var at alle spelar 5’ar fotball for å skapa betre differensiering og ei meir positiv idrettsoppleving, skriv fotballpresident Yngve Hallén i programbladet.
Det er Hordaland Fotballkrets og Noregs Håndballforbund Region Vest som er ansvarlege for planlegginga og gjennomføringa av turneringa.
Fotballkampane føregjekk på anlegga på Nymarksbanen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler