Det er ikkje eit naust
RADØY: Dermed må hytta vekk, og eigarane har fått ei kommunal rekning på 53.000 kroner.
Endret 28.08.10 15:16
Etter at Fylkesmannen i Hordaland i vår tok den endelege avgjerda for naustet i Høiviki på Sletta, har kommunen no sendt ut pålegg om fjerning.
Og det er ikkje berre flisene og forbrenningstoalettet som må ut, heile hytta må fjernast slik at berre naustegrunnane står att.
Sidan eigaren først fjerna det gamle naustet og sette opp ei hytte, kan ikkje hytta tilbakeførast til nauststandard. Det er nemleg ikkje noko att av det opphavlege naustet, anna enn grunnane.
Før jul
Det som ein gong var eit vanleg naust, og som så vart ei hytte i sjøkanten med innreiing og fliselagt golv, må vekk før 20. desember. Straks hytteeigarane har etterlevd pålegget, skal dei gje melding til kommunen, som så vil komma på kontroll.
Vert ikkje kommunen sitt pålegg etterlevd, kjem det ei dagmulkt på 400 kroner på toppen.
Hytta har etter det Strilen kjenner til vore i bruk også i sommar.
Ulovleg
Rekninga kom kommunen har sendt ut no er på 40.000 kroner som eingangsmulkt, pluss 13.200 kroner i gebyr for det som heiter «oppfølgjande sakshandsaming av ulovleg byggearbeid».
Spørsmålet om hyttenaustet kan stå er endeleg avgjort av Fylkesmannen. Men vedtaket om mulkt og pålegget om fjerning kan likevel påklagast til kommunen, klagefristen går ut i september.
Terrasse
Saka har gått fleire rundar til politiske utval utan at eigarane har fått løyve til å ha hyttenaustet som det er i dag.
Den utradisjonelle innreiinga vart oppdaga i samband med at kommunen skulle taksera alle bygningar på øya, då eigedomsskatten vart innført for nokre år sidan.
Marmorskifer
Eit eldre naust er rive og ny bygning sett opp.
Innreiinga omfattar mellom anna marmorskifer på golvet, og panel i tak og vegger.
Langsmed eine langveggen, mot sjøen, er det laga til gangbru/terrasse, og i staden for vanlege naustdører i front er det sett inn skyvedør med glas.
I eit lite bygg attmed er det sett inn eit forbrenningstoalett.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






