Strilen / Nyheter / Dette er ein havabbor
Brukernavn 
Passord 
 
Dette er ein havabbor

Dette er ein havabbor

Ragnar Floen sendte oss bilete av denne fisken som naboen hans fekk i garn fredag morgon.

Publisert 12.02.10 18:27
Endret 15.02.10 18:09

Fisken vart teken ved Rosnes på Radøy.

Me bad om tips frå lesarane om kva slags fisk dette kunne vera, og tipsa har ikkje lete venta på seg.

Dei aller fleste har slått fast at dette er ein havabbor (Dicentrarchus labrax).

– Dette er ein fisk som vert fanga stadig oftare på Vestlandet, skriv Erling Jacobsen.

– Dette skuldast at vasstemperaturen stadig vert høgare. Fisken er ein god matfisk som vert høgt skatta i varmare strok nedover i Europa.

At denne spreke krabaten er ein ekstra velkomen gjest blant sportsfiskarane, vert framheva av fleire. Det skuldast nok både at han gjev god motstand og at det er ein slik fortreffeleg matfisk.

Fisken lever i stimar og veks langsamt. Det vert likevel drive oppdrett av havabbor i store merder i Søreuropa.

Både hobbyfiskar Terje Pedersen og zoolog i Norsk natur informasjon, Arnold Håland nemner i sine svar at havabboren er funne som reproduserande fisk mellom anna i Masfjorden.

Terje Pedersen kjem til slutt med ei oppmoding om ikkje å fiska for hardt i dei områda der du får denne flotte fisken.

 

Og skulle det dukka opp fleire eksotiske gjestar i garn eller på kroken, er det berre å gje oss eit ord - og eit bilete.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler