Strilen / Nyheter / E.coli-alarm i Nordbygda
Brukernavn 
Passord 
 
E.coli-alarm i Nordbygda

E.coli-alarm i Nordbygda

Del | |

MASFJORDEN: Det er ingen panikk, seier ein far etter at E.coli-smitte i går vart stadfesta hjå eit barn i Nord­bygda barnehage.
(MMS-foto: Linda E. Eide)

Publisert 10.06.09 14:57
Endret 12.06.09 17:34

Nordbygda-foreldra fekk i går nærare informasjon om E.coli-smitten av frå venstre Aslaug Sandvin frå Mattilsynet, turnuslege Denise Hagen, turnuslege og kommunelege Rolf Martin Tande.

– Prøvane er til analyse for å sjå om smitten er ein  del av den nasjonale stammen av bakteriar, som ein har prøvd å finna kor skriv seg frå i fleire år, uttalte kommunelege I Rolf Tande til Strilen på ein pressekonferanse ved 17.00-tida i går.
Tande opplyste at eit barn i barnehagen var sjukt og lagt inn på sjukehus i løpet av dei siste dagane.
Tande ønskte ikkje å gje media alder og kjønn på det sjukebarnet.
– Folkehelsa har lova eit svar om smitten i løpet av torsdag ettermiddag, opplyste Tande.  Svaret vil avklara om det vert aktuelt med avføringsprøvar av alle borna i barnehagen.

God informasjon
– Me har fått god informasjon hjå kommunen, seier faren som i går uttalte seg til Strilen, Thomas Sleire-Gjerde, etter at foreldra kom ut frå det ekstraordinære informasjonsmøtet.
Foreldra vart varsla om E.coli-smitten hjå eitt barn i barnehagen mellom klokka 12.00 og 13.00 i går.
– Som foreldre er me bedne om å følgja nøye med på borna våre. Men det er inga krisestemning, seier Sleire-Gjerde, som sjølv har ei jente på halvtanna år i barnehagen.
Ver obs på symptom
Det var Aslaug Sandvin ved Mattilsynet sitt kontor for Bergen og omland som i går stadfesta E.coli-smitte hjå eit barn i Nordbygda barnehage.
Ho deltok også på møtet med foreldra. Fagfolka i Mattilsynet vil intervjua foreldra i Nordbygda om kva borna deira  har ete i det siste og kor dei har vore, for å finna trådar som kan leia fram til smittekjelda.

Symptom

Når det gjeld symptom på E.coli-smitte, bør alle, og særleg born, koma seg raskt til lege dersom dei får blodig diaré. Dei første symptoma er ofte akutte magesmerter, deretter vanleg diaré og så blodig. Nyresjukdom (HUS) kan oppstå etter ei vekes tid, spesielt hjå born, som kan føra til nyresvikt og i verste fall død. Symptoma på HUS er bleikheit, utmatting, hudblødningar og nedsett urinmengde.
Her i landet har me tidlegare hatt større utbrot av E.coli-infeksjonar i 1999, 2003 og 2006. Eit nytt utbrot har kome i år, utan at smittekjelda så langt er påvist. Eit barn i Sogn og Fjordane har misst livet av smitten i år. Frå før er det registrert to dødsfall av såkalla EHEC-infeksjon i her i landet. Det eine barnet omkom i 2004, det andre i 2006.
I 2003 vart smittekjelda ikkje påvist. Utbrotet omfatta totalt fem born mellom eitt til fire år. I 2006 kom smitten frå morpølser produsert ved Gilde sitt anlegg Terina Sogndal.
I januar i år døydde ein toåring frå Nordfjordeid etter å ha vorte smitta av aggresiv E.coli-bakteriar.
I februar vart ei 11 år gammal jente frå Bergen innlagt på Haukeland Universitetssjukehus  med E.coli 0157-bakterien. Ho vart heilt frisk.
I mai fekk ei tenåringsjente frå Hordaland påvist den same bakterien. Då tilspissa styresmaktene jakta på bakterien, melde bt.no i går.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler