Strilen / Nyheter / Ekstrem moro
Brukernavn 
Passord 
 
Ekstrem moro

Ekstrem moro

AUSTRHEIM: Ni av ti padlarar fullførte padlemaraton frå Austrheim til Solund. –Ekstrem moro, seier arrangør Audun Håland.

Publisert 16.08.10 12:39
Endret 16.08.10 13:40

Lenge var det usikkert om maratonnyheita på Havsportveka let seg gjennomføra. Ruta går rett vest, frå Vardetangen som er det vestlegaste fastlandspunktet i landet, til Utvær som er det vestlegaste punktet i landet.
For å gjennomføra måtte padlarane ut i eksponerte havområde. Turen er på dryge 42 km og ikkje for kven som helst. Vêrmeldingane var heller ikkje dei beste.
 
Bergensar vann
– I dag har eg lite håp om at løpet let seg gjennomføra, sa Håland til Strilen torsdag. Men då den store dagen kom, viste det seg at vêret var på arrangørane si side. Ti padlarar la i veg frå Kjelstraumen laurdag morgon og ni kom i mål i Solund i løpet av ettermiddagen. Morten W. Hansen frå Bergen vart førstemann. Han brukte 5 timar og 21 minuttar. Det var inkludert ein obligatorisk pause på minst 20 minuttar på Litle Kvernøy.

– Det var ein fantastisk tur. Ni av padlarane klarte ruta med glans og den tiande hadde stålvilje, men hadde ein kajakk som ikkje heilt passa til forholda og måtte difor bryta, seier Håland i Nordhordland padleklubb. Han stod ansvarleg for arrangementet og var sjølv med å padla turen.

Fekk smaka kuling
– Vêret var bra, men det vart tøft nok. Padlarane måtte kryssa nokre eksponerte parti og det blas i periodar friskt. Den siste gruppa som kom i mål fekk smaka liten kuling på slutten, seier Håland.
 Vinnaren som kjem frå Bergen, har lang erfaring og vann med god margin.

– Det vart stor spreiing i feltet. Nokre padla for å konkurrera, andre padla sosialt og tok det som ein tur, men eg trur alle hadde ein fin tur. Me hadde fire følgjebåtar med, og det var heilt nødvendig sidan det vart så stor spreiing i feltet. Røde Kors hadde ansvaret for tryggleiken undervegs, og dei gjorde ein formidabel jobb. Me hadde også kontakt med kjentfolk i Solund som gav oss presise og gode vêrmeldingar heilt fram til start. Det var heilt nødvendig. Du kan ikkje stola på dei offisielle vêrmeldingane i slike samanhengar. Det vert for upresist, seier Håland og nyttar sjansen til å skryta av gode hjelparar i Solund.

Han er ikkje i tvil om at han har lyst til å gjera padlemaraton til eit fast innslag under Havsportveka.
– Dette er moro for dei ekstreme og det var ekstremt moro, seier han.

(Foto: Anita Soltveit)


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler