Eldste vesten i landet
SEIM: Redningsselskapet leita etter Noregs eldste redningsvest. Den fann dei hjå Arnulf og Sissel-Anny Hjelmtveit.
Endret 26.08.10 11:57
– Vesten har hengt på tørkeloftet i huset her i årevis, så det er jo litt artig, seier Sissel-Anny.
I sommar opna ho ei utstilling på garden der ho og mannen Arnulf bur. Her har dei samla gjenstandar frå gamle Seimstrand - ein dampbåt som gjekk som rutebåt i bygda frå 1891. I utstillinga finn ein mellom anna ein gamal redningsvest som skal vera frå båten.
Tipsa av gjestar
– Ein dag var det eit par frå Vågenes innom og kikka. Dei hadde høyrt på radioen at Redningsselskapet hadde ein konkurranse der dei kåra landets eldste redningsvest. Dei meinte at denne måtte vera ein god kandidat, seier Sissel-Anny, og viser fram klenodiet.
Gjestane fekk rett. Vesten, eller rettare sagt livbeltet, frå Seim stakk av med sigeren. Eigarane får ein splitter ny redningsvest, heider og ære.
Hard konkurranse
– Ein kan ikkje vera 100 prosent sikker på at dette er Noregs eldste. Det kan vera at det ligg noko ein stad som ikkje er kjent, men dette er i alle fall den eldste redningsselskapet har klart å spora opp, seier Sissel-Anny.
På nettsida til Redningsselskapet kan ein lesa at det var konkurranse om tittelen. Andreplassen gjekk til Tor Håvard Sekse som har ein vest som stammar frå «Kong Sverre» og kan daterast tilbake til 1914, medan tredjeplassen gjekk til ein vest som truleg stammar frå 1918.
Kjenner historia
Men korleis hamna Noreg sin eldste redningsvest på eit tørkeloft på Seim?
Sissel-Anny har forklaringa.
Vesten kjem frå mannen Arnulf sin familie, og historia involverer det gamle meieriet på Rydlandsnes.
– Meieriet opna i 1885, men det viste seg fort at dei hadde eit stort problem. Dei sleit med å få sendt varene til byen. Dermed stod dei ovanfor eit dillemma. Enten måtte dei få tak i ein båt og syta for påliteleg levering, eller så måtte meieriet leggast ned.
Eigarane av meieriet gjekk inn for det første og enda opp med å kjøpa ein splitter ny båt frå Laksevåg. Det var dampskipet Seimstrand. Båten hadde daglege ruter mellom Seim og Bergen.
Erstatta
Då Seimstrand seinare vart erstatta av ein nyare og større båt, kjøpte slektningar av Arnulf den gamle båten. Dei brukte han til frakte- og fiskebåt. Ei haustnatt i 1924 sokk båten medan han låg til kai i heimbygda. Han vart heva, men vart liggjande ubrukt og seinare seld til Island. Før båten forsvann frå Seim, plukka familien ut ein del ting dei ville behalda.
Dei tok mellom anna vare på skipsklokka, eit kompass og ei kiste til livbelte. Sidan har desse tinga vorte verande på garden.
– No har eg plukka dei fram att slik at folk kan koma å kikka på dei, seier Sissel-Anny, og demonstrerer korleis den gamle redningsvesten skal brukast.
Flyt framleis
– Vesten er litt tung og stiv, men du kjenner att prinsippet frå seinare modellar. Du berre tek den rundt livet slik og så knyter du den fast på ryggen, forklarar Sissel-Anny.
Ho er ikkje sikker på kva materiale han er laga av, men det kan verka som om han er fylt med ein type plantar eller noko anna mjukt.
– Og han flyt, får Strilen vita.
Redningsvestar i skummateriale dukka først opp på 1950-talet. Då var det berre eit fåtal som brukte slikt. Frå sin eigen barndom minnest Sissel-Anny livbelte laga av kork. Men det var først etter 1995 og påbodet om å ha flyteplagg til alle om bord at redningsvestar og flyteplagg vart allemannseige her i landet.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






