Etterlyser trygt fortau
Andreas Lillebø brukar den elektriske rullestolen til å komma seg ut. Men ein betongkant på Alversundbrua er eit hinder.
Endret 06.08.10 17:33
– Å få denne stolen var veldig kjekt, no kan eg komma meg ut litt, seier Andreas Lillebø.
80-åringen er ikkje like sterk i beina som før, men med stolen kjører han like frå Alverstraumen til Knarvik.
– Bortsett frå denne betongkanten her er vegen inn til Knarvik bra no. Då er det dumt at det skal vera eit slik hinder her.
Hinderet han snakkar om er ein betongbjelke som skiller fortauet langs vegen og fortauet på brua. Bjelken stikk noko opp frå asfalten, nok til at den elektriske rullestolen gjer ein vipp.
– Dei er ikkje så stødige desse stolane her.
Nesten-velt
– Eg har vore nære på å velta her fleire gonger, seier Lillebø.
På grunn av kanten kan han ikkje kjøra på skrå over betongbjelken, men må kryssa på tvers. Då vert svingen for knapp, og stolen skrapar borti elementa som skil fortauet frå kjørefeltet over Alversundbrua.
– Det skulle vore lagt på litt oljegrus her, slik at fortauet på begge sider av bjelken kom i plan med den, seier Lillebø.
– Etter at den nye vegen frå Alverflaten til Isdal opna, er det ikkje noko problem for meg å komma meg til Knarvik. Men denne kanten her er ei plage.
Skal sjå på
Jarle Solibakke i Statens vegvesen si avdeling i Nordhordland lovar at vegstellet skal sjå nærare på fortauet som Lillebø har merknader til.
– Dette høyrest ut som noko som me må sjå nærare på, om det er noko me kan gjera noko med, seier Solibakke.
Kanten er elles ikkje berre eit problem for rullestolar, syklistar både på breie og smale dekk kan få seg ei overrasking der.
– Me må sjå nærare på dette, og diskutera litt med dei som har ansvaret for bruene, seier Solibakke, og viser til at det er ei brufuge like ved denne bjelken, fuga der «fastlandsdelen» møter sjølve hengjebrua.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






