Strilen / Nyheter / Facebook-gruppe støttar Overå
Brukernavn 
Passord 
 
Facebook-gruppe støttar Overå

Facebook-gruppe støttar Overå

OSTEREIDET: Ei nyoppretta gruppe oppmoda folk til å gå til Overå si
gudsteneste søndag.

Publisert 30.08.10 18:14
Endret 30.08.10 18:14

Anten det no var Facebook-gruppa eller andre ting som låg bak, det var nesten full kyrkje til gudstenesta, som også omfatta ein barnedåp. Alt utanfor døra kunne ein sjå det sterke oppmøtet, med parkerte bilar alle vegar.

Til støtte
Facebook-gruppa med støtte til sokneprest Overå vart starta i førre veke, og heiter «Vi som ønsker å beholde Vilhelm Overå som prest». Dette er ei gruppe der dei som er medlemmar av nettsamfunnet Facebook kan verta medlemmer, og per i går var det 346 personar som var nettopp det.
– Eg starta gruppa i førre veke, som støtte for sokneprest Overå, seier Sigmund Grønnevik frå Hjelmås.
– At det er alt er så mange medlemmer i gruppa, tyder på at det ikkje berre eg som meiner dette.

Venta med dåp
Grønnevik vart i si tid konfirmert av Overå, og for nesten nøyaktig eit år sidan var Overå prest i bryllaupet hans. No har han og kona eit born som skal døypast, og det vil dei at Overå skal gjera.
– Det er sokneprest Overå som høyrer til Hjelmås kapell, og eg og kona er samde i at me skal ha Overå i dåpen, seier Grønnevik, som har fått tilbakemelding frå kyrkjekontoret om at dette ikkje går.
Sokneprest i Gulen, Jens Linde, er henta inn for å jobba halv stilling i Ostereidet sokn, og er ført opp på det som skulle vore Overås sine gudstenester på Hjelmås framover.
– Då må me utsetja dåpen eller finna ei anna løysing. Me skal ha Overå som prest, seier Grønnevik.

– Folkeleg
Grønnevik seier at han oppfattar Vilhelm Overå som ein folkeleg og god prest, som legg ting fram slik at alle kan forstå bodskapen.
– Sjølv om det er ein viktig bodskap, legg han det fram på ein måte som sjølv ein åtteåring kan forstå.
I tillegg nyttar Overå humor på ein god måte, meiner grunnleggjaren av støttegruppa på Facebook.
– Overå er ein grei prest som kan få folk til å le i kyrkja.
Grønnevik reknar med at gruppa på Facebook også vil munna ut i ein underskrifts-
kampanje.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler