Fekk målrosa for god språkbruk
LINDÅS: Knarvik vidaregåande skule fekk i dag målrosa hjå Alversund Mållag for at dei brukar lokale topografiske namn rundt om på skulen.
Endret 21.06.10 16:06
– Eg må berre seia allslags takk på vegne av skulen. Dette var veldig overraskande og kjekt, sa rektor Inge Alver då han nærmast vart teken på senga med utmerkinga. Astrid Namtvedt Sylta ringte meg før helga og bad om eit møte, men ho sa ikkje kva det gjaldt, legg han til.
Fleire forslag
Alver fortel at det var under ei idémyldring blant personalet då nybygget skulle opnast at ideen om dei universelle namna dukka opp.
– Det kom fleire forslag som til dømes kjende personar og geografiske namn, men me enda opp med gamle, gode tostavingsord som beskriv typiske landskapsformer som var brukte på heile strilelandet, seier Alver.
På vrimleområda
Namna vert brukte på dei ulike vrimleområda på skulen og er plasserte slik at dei beskriv terrengforholda som flaten, høyen, leitet, brekko, vikje og renen.
Også det nye auditoriet, Knarren, har fått fleire namn. Rommet kan nemleg delast i to ved behov, og har såleis fått namna framskuten og bakskuten.
Om namnet Knarren, fortel Alver at det er oppattkalla etter ein spesielt type fraktebåt som vikingane brukte, ein knarr. Og vikje, er sjølvsagt gangen utanfor auditoriet.
Namna har dei valt å skriva på «normal» måte og ikkje dialekt.
– Me kunne sjølvsagt skrive dei på dialekt, men valte å normalisera dei fordi det trass alt ikkje berre går nordhordlendingar på denne skulen, seier Alver.
Tredje prisen
Prisen til Knarvik vidaregåande skule er den tredje Alversund Mållag har delt ut. Første prisen gjekk til Møre Konfeksjon for nynorsk annonsering. I fjor gjekk prisen til Lindås kommune for at dei brukte nynorsk i all kommunikasjon informasjon i samband med kongebesøket.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






