Strilen / Nyheter / Fekk plassane dei ville ha
Brukernavn 
Passord 
 
Fekk plassane dei ville ha

Fekk plassane dei ville ha

LINDÅS: Søstrene Malene og Siv Anne Fimland er blant dei heldige som har fått akkurat den skuleplassen dei ville.

Publisert 04.08.10 18:17
Endret 04.08.10 18:17

– Eg vart skikkeleg nervøs då eg ikkje kom inn på førstevalet mitt ved første opptak. Men ved andreopptaket denne veka fekk eg plass på Vg1 Studiespesialiserande ved Knarvik vidaregåande skule slik eg ville. Det var deilig å få vita, seier Siv Anne Fimland. Ho og Malene ferierer hjå mormor i Drammen når Strilen ringjer.

Vil jobba hardt
Femtenåringen som no bur i Knarvik, hadde U. Phil i Åsane som andreval, men der trur ho ikkje ho hadde passa inn. Difor er ho innstilt på å jobba hardt for å koma inn i Knarvik dei neste to åra også.
– Det hadde jo vore greitt å ha ei forsikring om å få gå tre år på same skule når eg først har kome inn. Men når det er slik det er, ser eg det som ei utfordring å jobba for å vera god nok til å koma inn dei neste to åra også, seier ho.
Programmet ho har valt, vil ho bruka til å studera vidare til psykolog eller grunnskulelærar.

Alle får

Ved 2. inntak til Hordaland fylkeskommune sine vidaregåande skular, har over 2000 søkjarar fått plass. Det betyr at av søkjarar med ungdomsrett*, er det no berre 240 som ikkje har fått tilbod om plass, og dei vil få det ved 3. inntaksomgang 13. august, skriv inntaksleiar Nils Skavhellen i ei pressemelding.

Les meir i Strilen si papirutgåve torsdag.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler