Strilen / Nyheter / Fem dagar med segling, padling, dykking og mat
Brukernavn 
Passord 
 

Fem dagar med segling, padling, dykking og mat

Del | |

AUSTRHEIM: Det er eit tett for program under Havsportveka i Austrheim neste veke.

Publisert 06.08.09 16:41
Endret 06.08.09 16:38

Frå onsdag og til søndag kan du prøva deg på all slags aktivitetar som har noko med sjø å gjera, anten det no er oppå vatnet eller under vassflata.
– Dette vert Nordens største fellesarrangement der ein samlar sjø – og havsportsaktivitetar under eit felles program, fortel Helge Dyrkolbotn i Austrheim kommune.
Dyrkolbotn er prosjektkoordinator for Havsportveka.
– Kommunen er med og arrangerer Havsportveka, for å setja Austrheim på kartet og vera med på å få ting til å skje, seier Dyrkolbotn.
Initiativtakar til festivalen er Odd Arne Blindheim.

På Facebook
Med ei lita veke att til arrangementet startar, kan Dyrkolbotn melda om 500 medlemmer på Facebookgruppa som er oppretta for Havsportveka.
– Rundt 60 einskildaktivitetar står på programmet. Eg kan nemna kajakk, UV-jakt, snorkling, dykking, seglbrett, jollesegling, segling, og meir til, seier Dyrkolbotn.
For dei som vil ha hjelp til framdrifta vert det turar med RIB/havrafting, og det vert mogleg å kjøpa billett til helikopterturar der ein får sjå Austrheim ovanfrå.
– Det vert også arbeidd med å få vannscooter og wakeboard på programmet.

Også på land
Mellom øktene på sjøen vert det mogleg å ta livet med ro i havcampen, ein leir som skal vera ved samfunnshuset på Årås.
– Her vert det sett opp eit stort telt som skal brukast til sal av mat og drikke, og levande musikk. Dette vert på mange måtar «hjartet» for Havsportveka, seier Dyrkolbotn.
– Å koma inn på festivalområdet er gratis.
Kokken Micke Lundmark er på plass frå torsdag til laurdag, og skal laga gourmetmat av villsau, breiflabb og angusokse.
Torsdag spelar Haldor Nordland i teltet, fredag er det Knut Arild Haugland og Ferdamann som står for musikken. Laurdag vert det dans inne i samfunnshuset, med Greenland Whalefishers.
– Etter dansen har me sett opp to bussar til Knarvik, ein går om Lindås og ein om Radøy, seier Dyrkolbotn.

Treng frivillige
Bedrifter og organisasjonar frå Gulen, Austrheim, Lindås, Meland og Bergen er med og arrangerer Havsportveka. Arrangementet har også ein del bedrifter på sponsorlista, og mange frivillige er med på å gjera arrangementet mogleg.
– Mange frivillige stiller opp, både unge og gamle. Men det er plass til fleire frivillige. Me treng vakter til laurdagskvelden, folk som kan laga til frukost, lunsj og andre måltid, og elles folk som kan hjelpa til med generelt vakthald og rydding, seier Helge Dyrkolbotn.

På nettet
Via nettsida for arrangementet kan ein melda seg på til dei ulike øvingane. Førehandspåmeldinga skal gjera det mogleg for arrangørane å planlegga aktivitetane.
Adressa er havsportveka.no.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler