Flatøy-hotell kan opna i 2012
MELAND: Det planlagte hotellet på Flatøy kan stå klart i 2012, med 200-250 rom, badeanlegg og ein prislapp på over ein halv milliard.
Endret 21.04.08 19:24
– Eg trur at dette er eit altfor viktig prosjekt for Meland kommune til at andre instansar vil stoppa det, sjølv om utbygginga kjem i strandsona, seier Tore Jensen i Opus Bergen.
Firmaet er engasjert av Meland kommune til å arbeida ut reguleringsplan og konsekvensutgreiing både for hotellet og bustadområdet i Midtmarka, samt eit industriområde på andre sida av E39.
– Eg reknar med at planane kjem til kommunal behandling i kommunen over ferien. I første omgang er eit planprogram ute på høyring, med frist for å uttala seg innan 13. mai, opplyser Tore Jensen.
Viss skepsis
Jensen viser til at det har vore synfaringar på Flatøy der både fylkeskommunen og Fylkesmannen si Miljøvernavdeling har vore med.
– Det biletet som teiknar seg, er at kommunen er svært positiv og ønskjer planane velkomne, medan miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen nok ikkje er fullt så positiv. Eg vil ikkje kalla deira folk for negative, men dei har ein del spørsmål, ut frå at dette er eit inngrep i strandsona, seier Jensen.
Han viser til at utgreiing om inngrepa i strandsona høyrer med til Opus Bergen sitt oppdrag frå kommunen. Det er selskapet Flatøy Utbygging AS som vil stå for utbygginga, med Nistad Utbygging AS som største aksjonæren.
600 millionar
– Går alt etter planen, kan hotellet opnast i 2012 etter kring halvtanna års byggjetid, seier Tore Jensen. Det hotellkjeden til Petter Stordalen, Choice, ein vil inngå avtale med om drift av hotellet.
Jensen meiner dette er ein relistisk framdriftsplan, men ser og at omlegging av vegar og kryss som vegvesenet må gjera, kan gjera at framdrifta dreg litt lenger ut i tid.
Slik det no ser ut, vert hotellet på kring 25.000 rutemeter.
– Då snakkar me om ein prislapp på 500-600 millionar kroner, seier Tore Jensen.
– Løft for reiselivet
– Nordhordland har i dag to gode hotell, men større konferansar kan ein ikkje ta imot. Dette vert eit vesentleg større hotell som eg er sikker på vil gje reiselivet ikkje berre i Meland, men også i heile Nordhordland eit kraftig løft, seier ordførar Nils Marton Aadland.
Han ser kort avstand frå Bergen som svært gunstig for eit hotell som rettar seg mot konferansemarknaden.
Etter fleire års jobbing med dei omfattande planane, ser Aadland no fram til ei kommunal behandling framover våren og utover hausten.
God plassering
At hotellet skal liggja idyllisk til ved sjøen, med badeanlegg, ser han også som positivt med omsyn til interessa for å bruka hotellet.
– På Flatøy har me i årevis hatt avsett ei hotelltomt høgare oppe i terrenget, men den var det ingen respons på, påpeikar Aadland.
Meland-ordføraren meiner eit hotell av denne typen må vera positiv bruk av strandsona.
– Eit slikt hotell med badeanlegg vil sjølvsagt også vera tilgjengeleg ikkje berre for hotellgjestar, men også for fastbuande, seier Aadland. Han meiner dette bør vera ein bruk i tråd med lovverket og statlege styresmakter sin politikk.
Og når det gjeld bruken av det statlege friområdet som Bergen og Omland Friluftsråd har på Håøya, ser Aadland det berre positivt at det kjem eit hotell like ved.
– Frå kommunen si side vil det vera eit krav at friluftsområdet skal verta ivaretatt og gjerne gjort endå meir tilgjengeleg, seier Aadland.
Blant dei folkevalde i Meland reknar ordføraren med breid semje om å seia ja til den kjempemessige utbygginga. Det grunngjev han med at planutvalet har vore styringsgruppe for prosjektet.
– Og undervegs og på synfaringar har eg heile tida oppfatta ei positiv stemning for prosjektet, seier Aadland i ein kommentar til Strilen.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]






