Strilen / Nyheter / Fleire møteplassar og betre veglys
Brukernavn 
Passord 
 
Fleire møteplassar og betre veglys

Fleire møteplassar og betre veglys

Del | |

MASFJORDEN: Fleire plassar der folk kan møtast, vart eitt av ønska som kom fram på folkemøtet på Nordbygda skule førre torsdag.

Publisert 23.02.09 18:47
Endret 23.02.09 18:55

Eit torg der lokale produsentar kan selja varene sine, ein myldrepass, ein stad der folk i alle aldrar i Nordbygda kan koma saman. Det var eit ønske som fleire kom fram med då bygdefolket torsdag skulle får uttala seg om kva dei meiner vil føra til utvikling og framgang i bygda dei neste 20 åra.

Kommunen er i gang med eit prosjekt for å skapa livskraftige lokalsamfunn og snu tilbakegangen i folketalet, og Hosteland er plukka ut som ein av tre satsingsområde. Dei andre er Matre og Sandnes.

– Eg er godt nøgd med frammøtet. Totalt var det nok 50-60 personar til stades, seier Liv Oda Dale til Strilen.

Ho er leiar for arbeidsgruppa på Hosteland, og det var dei saman med konsulentfirmaet Norconsult AS som arrangerte folkemøtet.

Næring og veglys
– Det kom fram mange ønske og idear. Nokre er enkle å gjennomføra, andre meir omfattande, seier ho.

Veglys langs riksvegen frå skulen til tunnelen var eitt ønske som kom fram frå fleire, og andre ønskte seg busskur.

– Men det kom også fram forslag om at det bør byggjast eit næringsbygg/næringshage, der lokale verksemder kan etablera seg, fortel Dale.

I det heile var mange opptekne av korleis Hosteland kan få eit meir levande senter, med fleire funksjonar enn det som er der no. Det er særleg området frå butikken til skulen som er med i prosjektet, men også andre tiltak som kan skapa trivsel på Hosteland, kan trekkjast inn.

Fleirbrukshall
Også mellomsteget og 9. og 10. klasse på Nordbygda skule fekk uttala seg tidlegare på dagen. Då var folka frå Norconsult og arbeidsgruppa der for å høyra kva dei unge i bygda er opptekne av.

– Der kom det mellom anna fram eit ønske om ein fleirbrukshall ved idrettsanlegget, fortel Dale.
Kor realistisk det er å få til, er ei anna sak.

– I denne fasen er det viktig å få fram kva folk vil ha, og så får me i neste fase vurdera kva me kan få til, seier Dale, som og sit i kommunestyret.

Ein skal no i gang med rullering av kommuneplanen, og då er det viktig å vurdera arealbruken på Hosteland i samsvar med dei ønska som kjem fram.

Hamn og marina
– Betre utnytting av tilknytinga til sjøen var også eit ønske som fleire reiste, seier oppdragsleiar Pelle Engesæter til Strilen.
Det er han som leier arbeidet med Hosteland-planen frå Norconsult si side.

Ei småbåthamn eller marina kan vera eit tiltak i så måte.
– Elles var folk opptekne av at der er attraktive hustomter tilgjengeleg, seier han.

Han tykkjer dei prosjektansvarlege har fått mange idear å jobba vidare med.

Nytt møte
På folkemøtet vart folk oppdelte i grupper, slik at dei lettare skulle koma fram med synspunkta sine.
– Me skal no jobba vidare med ideane som kom fram, og så skal me leggja fram eit forslag til prioritering på eit nytt folkemøte 12. mars, fortel Engesæter.

Handlingsplan
På det møtet får folk ein ny sjanse til å kommentera kva som er viktig å ha med. Så skal Norconsult i neste omgang utarbeida ein handlingsplan, som kommunestyret må ta stilling til.
– Der må me og trekkja inn kostnader, for å vurdera kva som er mogeleg å realisera, seier Engesæter, som er utdanna geograf og har jobba med liknande prosjekt andre stader.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler