Strilen / Nyheter / Flest vil til Knarvik
Brukernavn 
Passord 
 
Flest vil til Knarvik

Flest vil til Knarvik

Knarvik vidaregåande skule er for andre år på rad den skulen i Hordaland som flest elevar vil gå på.

Publisert 19.03.10 17:36
Endret 19.03.10 17:36

Knarvik vidaregåande skule er ein populær skule blant dei unge. Nok ein gong toppar skulen lista over primærsøkjarar. Då prognoseinntaket til neste skuleår vart klart i går, viste det seg at 1199 elevar har ført opp Knarvik som førstevalet.
Det plasser skulen på solid førsteplass, 172 søkjarar framfor Sotra vidaregåande skule på andreplass.
Søkjartalet i Knarvik har gått opp frå 1052 i fjor. Skulen har 977 elevplassar, ein auke på 15, så det er alt klart at ikkje alle får førstevalet oppfylt.

Solide lærarar
– Om det er rett å seia at me er den mest populære skulen i fylket, veit eg ikkje, men det er sjølvsagt kjekt å ha mange søkjarar, seier rektor Inge Alver i ein kommentar til Strilen.
Han trur det at skulen har solide lærarkrefter, er viktigaste grunnen til søkjartalet.
– Og dessutan har me ved skulen ein del tilbod som ingen andre skular har, seier Alver.
Alver seier det er god søknad til alle linjene på skulen. Det gjeld og det nye tilbodet trafikk og logistikk, som dermed er sikra å koma i gang til hausten.

Opp og ned
– Totalt har me litt fleire søkjarar enn i fjor, seier rektor Magnus Kvingedal ved Austrheim vidaregåande skule utan å kunna oppgje nøyaktige tal.
Men søknadene varierer. På studiespesialisering (tidlegare allmennfag) er det klar nedgang. Heller ikkje kokk Vg2 kjem i gang. På den andre sida er det svært god søknad både til helse og sosialfag og barne- og ungdomsarbeidar og til TAF- og TIP-tilboda.

Studiespesialisering
Studiespesialisering Vg1 har fleire søkjarar i år enn i fjor med ein auke på 30 i fylket sett under eitt.
Også helse og sosialfag har ein oppgang på 21 og teknikk og industriell produksjon ein auke på 13.
Interessa for bygg- og anleggsteknikk har derimot går ned med 30 søkjarar. Også restaurant- og matfag og media og kommunikasjon har nedgang.
På Vg1 har totalt søkjartal gått opp med 39 til 6.177.

Same på Vg2
Tendensen er endå klarare på Vg2. Der er auken på studiespesialisering på heile 332 søkjarar. Også helse og sosialfag har stor auke med 82. På Vg2 er det og fleire som vil studera media og kommunikasjon. Design og handverksfag har og klar auke, medan der er mindre interesse for dans/-musikk/drama, som går ned med 38 søkjarar.
På Vg2 auka søkjartalet med 462 frå i fjor til 8.126. Men registreringa er lagd om frå i fjor til i år.

Fleire på TIP
Til Vg3-kursa er det 75 fleire søknader enn i fjor, totalt 4.163. Den største auken har teknikk og industriell produksjon med 34 og studiespesialisering inkludert formgjeving med 33 søknader. På den andre sida er det færre som vil gå på helse og sosialfag på dette avsluttande trinnet.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler