Flykta frå iskald Masfjord-kyrkje
Straumbrot og frosne vassrøyr sette ein stoppar for gudsteneste og barnedåp i Frøyset kyrkje søndag. Men masfjordingane visste råd.
Endret 11.01.10 18:58
– Då folk kom for å laga til gudsteneste var det iskaldt i kyrkja og vassrøra var frosne. Sjølv om me hadde fyrt det me kunne over natta, hadde me neppe klart å få meir enn ti varmegrader i kyrkjerommet, seier sokneprest Knut Sørheim.
Kulde og straumbrot
I helga skulle Sørheim leia familie-gudsteneste med barnedåp i trekyrkja frå 1937. Slik vart det ikkje.
Fjorten minusgrader ute, eit lokalt straumbrot og eit skrantande varmeanlegg viste seg å vera ein heller dårleg kombinasjon.
– Eg fekk melding om problema medan eg sat i bilen på veg heim frå Bergen, men me ville ikkje utan vidare avlysa ei gudsteneste, og i alle fall ikkje når det skal vera barnedåp, så me måtte tenkja kreativt, seier Sørheim.
Presten, kyrkjetenar og andrei kyrkjelyden heiv seg på telefonen for å finna ei løysing, og varsla alle involverte.
Tok inn på sjukeheimen
I løpet av ein travel ettermiddag fekk dei ordna med nye lokale på Masfjorden sjukeheim, som ligg ein kort kjøretur frå kyrkja.
– På sjukeheimen er det eit lokale som ofte vert brukt til samlingar for pensjonistar og ulike markeringar, så det vert den mest naturlege løysinga, sa presten på telefon til Strilen kvelden før gudstenesta. Då var han i ferd med å få kontroll over det meste, og satsa på å få avvikla ein fin gudsteneste trass ei hektisk førebuing.
Første gong
– Eg synest det er svært beklageleg ovanfor familien til dåpsbarnet at me måtte flytta gudstenesta, men eg trur me har funne ein god løysing no. Me har prøvd å nå alle som me veit hadde tenkt å vera tilstades på gudstenesta, og så har me nokon som står utanfor kyrkja og passar på å senda folk som ikkje måtte ha fått beskjeden i tide til riktig plass, seier Sørheim.
Det er første gong i si tid som prest at han har måtta flytta ei gudsteneste på grunn av kulde.
– Eg har opplevd ein gong tidlegare at me måtte flytta ei gudsteneste frå kyrkja på Sandnes. Det er mange år sidan. Eg hugsar ikkje kva som var grunnen den gongen, men det er svært sjeldan at me må avlysa eller flytta ei gudsteneste så kort tid på førehand, seier Sørheim.
Spesiell situasjon
Presten seier at det er eit kjent problem at det kan vera vanskar med å få opp skikkeleg varme i kyrkjebygga, men situasjonen i Frøyset kyrkje denne helga var spesiell.
– Varmeanlegget i kyrkja har vore eit problem ei god stund. Kyrkja har eit gamalt varmeanlegg som baserer seg på røyr under benkane. Delar av anlegget er ute av drift og er nok modent for utskifting. Når det i tillegg er straumbrot i området og uvanleg kaldt vert det altfor mykje. Det var nok ein grunn til at dei hadde store vedomnar i kyrkjene før i tida, og byrja å fyra lenge på førehand. Det er ikkje lett å få opp temperaturen i så store bygg som ikkje er skikkeleg isolert, seier Sørheim, som håpar på at dei frosne røra ikkje skal føra til skadar i kyrkja.
Gudstenestene i Masfjorden går på omgang mellom kyrkjene.
– Det er nokre veker til neste gong me skal bruka kyrkja på Frøyset. Når det er så kaldt som no, er det ei utfordring å halda varmen også i kyrkjene på Sandnes og på Solheim, men stoda der er betre enn på Føyset, seier presten.
Frøyset kyrkje.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]






