Strilen / Nyheter / Føler seg mobba av bispen
Brukernavn 
Passord 
 
Føler seg mobba av bispen

Føler seg mobba av bispen

Ostereidet-prest Vilhelm Overå (61) kjenner seg mobba og trakkassert av biskopen.

Publisert 24.08.10 11:09
Endret 24.08.10 10:50

– Dette opplever eg som eit overgrep, ikkje berre mot meg, men mot store delar av kyrkjelyden, seier Overå til Bergens Tidende søndag.


Overå viser til at han er fjerna frå seks gudstenester i Ostereidet kyrkje og tre i Hjelmås kapell. Det har skjedd ved at Bjørgvin bispedøme har leiga inn Jens Linde som vikarprest til å overta delar av jobben til Overå.
Stiftsdirektør Helge Taranrød stadfesta nyleg overfor Strilen at Linde er leiga inn.


Det skuldast ikkje arbeidsmengda, men at bispen ville ha Linde inn for å gje eit tilbod til den delen av kyrkjelyden som ikkje ønskjer å delta på Overå sine gudstenester.

«Kyrkjelyd i kyrkjelyden»
Det arbeidsrettslege og juridiske med å gjera eit slik grep hadde bispen fått klarert med departementet.


– Om nokon skulle meina det, er dette på ingen måte snakk om trakassering av Vilhelm Overå, sa stiftsdirektør Taranrød til Strilen.


Han viste at det nye soknerådet har uttalt støtte til Overå, men har også i eit vedtak gjort framlegg om at soknet i ein overgangsperiode kan ha to prestar.
Målet er å løysa den lenge omtalte og opprivande konflikten på Ostereidet. Men Overå er lite glad for bispen sitt tiltak:


– No har me fått ein kyrkjelyd i kyrkjelyden, og det er ikkje eigna til å løysa konflikten, seier Overå til BT.

Han viser til vikarpresten som overtek ein del gudstenester, og i tillegg til samlingar med bøn og lovsong i kyrkjekjellaren på Ostereidet.
På desse samlingane stadfestar prosten i Nordhordland, Geir Sørebø, at han har vore og forretta nattverd. Han har avvist at det er noko spesielt med samlingane.


– Ordinerte prestar kan dela ut nattverd når nokon ønskjer det. Samlingane er opne for alle, seier Sørebø. Han seier elles at mange i kyrkjelyden er skuffa, såra og har det vanskeleg, så han oppmodar både tilsette og frivillige om å leggja godviljen til og samarbeida.


Kritikk mot Overå
Tidlegare medlemer i soknerådet seier til BT at Overå ikkje makta å ta medarbeidarane på Ostereidet-kontoret med i arbeidet i kyrkjelyden.

Overå vert og skulda for å ha for liten teologisk substans og for mange spøkefulle kommentarar i gudstenestene sine. Han vert og opplevd som uengasjert i mykje av det frivillige arbeidet og ser ut til å meina at det berre er dei tilsette som skal gjera jobben, heiter det i ein e-post BT har fått.
Den er underteikna Trond Fykse, Asbjørn Gjelsvik og Bjørg Åsgård.

Møte måndag
Arbeidstilsynet har som tidlegare opplyst pålagt bispedømmekontoret å løysa den fastlåste striden. Ny frist er sett til 3. september, etter at bispen har bede om to utsetjingar.

Måndag fekk Strilen opplyst at det var nye møte på Ostereidet om den fastlåste situasjonen, blant anna både med dei tilsette på kontoret, vikarprest Jens Linde og truleg også prost Geir Sørebø.


Overå deltok også i møta, og hadde med seg både verneombodet for dei lokale prestane, Harald Sundsbø, og Fagforbundet Teologen sin tillitsvalde Rune Kyssnes.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler