Strilen / Nyheter / Føler seg uthengt på Facebook
Brukernavn 
Passord 
 
Føler seg uthengt  på Facebook

Føler seg uthengt på Facebook

Ole Tom Ones, eigar av Garveriet, er frustrert etter at skifte av leigetakar på Garveriet har utløyst ubehagelege reaksjonar.

Publisert 06.03.10 01:06
Endret 06.03.10 01:04

Huseigar Ole Tom Ones er oppgitt og bekymra over retninga debatten rundt ny leigetakar på Garveriet har tatt.

At Margunn Solsvik ikkje skal driva utestaden i Isdalstø vidare, har tydelegvis skaka opp mange menneske. Gruppa «Vi som ikkje vil at Garveriet Restaurant AS skal legges ned!!!» hadde i skrivande stund over 1300 medlemer.

Ones er bekymra etter at fjesbokdebatten har tatt heilt av. Huseigaren har sjølv ikkje profil på nettstaden, men har fått sjå kommentarane på gruppa gjennom ein kamerat.

– Det har gått fullstendig ut av proporsjonar, seier Ones.

Kalla bustadhai
Fordi Ones ikkje sjølv fekk kommentert på gruppa, gav han dottera løyve til å leggja inn ei melding om at Garveriet slett ikkje skulle leggast ned, men at ein skulle ha nye leigetakarar.

– Kommentarane som dotter mi har fått til meldinga si, er ikkje fine, seier Ones.

I enkelte kommentarar vert Ones skulda for å gøyma seg bak dotter si. Ein annan kjem med påstand om at Ones fer med løgn, og at han ikkje held sine plikter som huseigar.

Ones vert også kalla «ein idiotisk ufølsom bolighai som bare tenker penger, like ufølsom, gjerrig og grisk som en viss rik Disneyfigur kanskje?».

– For ti år sidan ville uttalingane vore straffbare og injurierande. Eg vert nemnd med namn på denne gruppa, på ein ufin måte, og eg er advokat av yrke, noko som vert poengtert på sida i fjesboka. Men det er 2010 og kommunikasjonen er gjort slik at ytringsfriheita er større, sukkar Ones.

– Men det er jo slikt som folk slenger ut i slike fora?

– Ja, og det er bra at folk engasjerer seg for Garveriet. Gruppa er i utgangspunktet positiv. Det er vinklinga gruppa har fått som bekymrar, seier Ones.

Dessutan meiner han at dei som meiner så sterkt, gjerne bør ta kontakt med han direkte. Han meiner også at folk sjølvsagt bør gå meir på Garveriet, slik at dei som driv staden har økonomisk grunnlag for drifta.

– Dei er velkomne til å ta kontakt. Men ikkje dekk deg bak ein profil på nett, oppfordrar Ones.

– Ikkje økonomisk ruin
Ones kjenner seg urettferdig behandla, og etter å ha halde lav profil, vil han no gjerne få fram si side.

– No føler eg at eg må seia noko, for det heile er komme ut av proporsjonar. Eg ser at Margunn Solsvik får all sympati i denne saka, seier Ones.

Han vil mellom anna ikkje verta skulda for å føra Solsvik inn i økonomisk ruin, som ho hevdar er tilfelle med kontraktforslaget som huseigar har lagt på bordet. Ones seier det er feil å hevda at husleiga han har kravd, tilsvarar økonomisk ruin for leigetakar. Han viser til at Solsvik har lagt fram både resultat for ein periode i 2009 og budsjett for 2010, og begge viser overskot.

Med overskot
– Til orientering kan eg seia at Solsvik la fram ein rekneskap i oktober i fjor som viste eit overskot på 49.000 kroner for fire månaders drift. I kostnadane ligg husleiga til meg, samt andre kostnader knytt til drifta av Garveriet, seier Ole Tom Ones.

Ones har sendt denne dokumentasjonen til Strilen.

– Det er ikkje tvil i mi sjel om at den husleiga eg krev, er overkommeleg og rimeleg, seier Ones.

Står ikkje på pengane
Eigaren vil også understreka at det ikkje er pengane det står på, og at han har vore imøtekomande på husleiga i alle dei seks åra Solsvik har vore på Garveriet. Han har også lagt fram for Strilen eit brev som viser at han for eitt år sidan hyra advokat for å krevja leigeforholdet avslutta etter manglande betaling av leige gjennom heile leigeperioden. Det er snakk om store summar som ikkje er komme inn, og som eigaren i ettertid har ettergitt.

– Det har eg gjort for å bidra til eit godt husleigeforhold og grunnlag for vidare drift for Solsvik, seier Ones.

Ones meiner han har vore mykje meir imøtekommande enn ein kven som helst anna huseigar.

Kanskje spesielt difor synest han det er dumt når han no vert framstilt som pengegrisk og ufølsam.

– Eg har bedt politiet vurdera situasjonen. Eg synest den er blitt ubehageleg, seier Ones.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler