Forlangar hytter rivne
LINDÅS: Alle dei ulovleg oppførde hyttene på Rosnes må bort, forlangar plan- og miljøutvalet i Lindås.
Endret 01.03.10 18:27
– Eg har ikkje særleg store forhåpningar, sa den nye hytteeigaren før plan- og miljøutvalet skulle behandla saka om hyttene som er oppførde utan byggeløyve ved Gjervågen på Rosnes nord for Lindås.
Han hadde møtt fram for å følgja handsaminga i utvalet, men vart kasta på gangen saman med resten av tilhøyrarane.
Og det viste seg at han hadde grunn til skepsis, for då utvalet opna dørene att og gjekk til avrøysting, vart det samrøystes vedteke å ikkje gje dispensasjon frå kommunen sin arealplan for nokon av hyttene. I klartekst vil det seia at dei må rivast viss ikkje eigaren får medhald på høgare hald.
Naust vart hytter
Som Strilen skreiv i laurdagsavisa, er ei hytte med to anneks oppført utan byggeløyve ved Gjervågen på Rosnes. Det einaste det har vorte gjeve løyve til, er eit naust. Hovudhytta vart bygd i 1969, medan dei to anneksa vart bygde om lag 20 år seinare. Det vart og oppført eit tilbygg på hovudhytta i 2003. Samla er det snakk om bygg på 180 kvadratmeter.
Den nye eigarane overtok eigedommen i 2006.
Eigaren seier til Strilen at han ikkje visste at hytta var oppført ulovleg då han kjøpte, men at han vart informert om at ikkje vart søkt om byggeløyve for anneksa. Han trudde likevel at det skulle gå i orden sidan, sidan hyttene var teikna inn på kommunen sine kart.
Store utlegg
Eigaren fortel at han mellom anna har lagt med 400.000 kroner for å føra straum fram til hovudhytta. Det er og gjort mykje for å pussa opp hyttene, investeringar som no kan vera bortkasta.
Etter vedtaket i utvalet forlet mannen møtet, tydeleg skuffa, og ville ikkje kommentera utfallet nærmare.
Ikkje grunngje
Før utvalet fatta vedtak, fekk utvalet ei juridisk utgreiing bak lukka dører av jurist Benjamin Hicks, som er tilsett i Lindås kommune.
Då Strilen bad utvalsleiar Øystein R. Moldeklev om å få ei grunngjeving kvifor utvalet avslo dispensasjon, sa han berre at det kunne han ikkje, sidan saka var behandla bak lukka dører.
Rådmannen hadde tilrådd dispensasjon for hovudhytte med kai, men utvalet ville altså ikkje la nåde gå før rett, sjølv om hytta har stått i over 40 år. Saka går no vidare til Fylkesmannen, men hytteeigaren gjev uttrykk for at han ikkje har særleg store voner om medhald der.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






