Formannskap for fleirbrukshall
LINDÅS: Formannskapet i Lindås snudde frå utsetjingstankar, og løyvde fire millionar ekstra til fleirbrukshallen på Lindås.
Endret 09.09.10 12:44
I møtet torsdag sist veke var det fleire som i starten snakka om at denne saka ikkje var godt nok utgreidd, og at spørsmålet heller burde utsetjast til eit seinare møte.
I staden enda det med samrøystes støtte til vedtaket om å auka den kommunale delen av kostnaden med 4,4 millionar kroner, pengar som skal hentast frå disposisjonsfondet.
Fire millionar av dette er til sjølve hallen, 400.000 kroner er til bygget som skal husa fotballgarderobar for utandørs baner. Kommunen sin del er oppe i 16,4 millionar.
Fleirbrukshallen skal kosta kring 40 millionar kroner, og skal i tillegg til sjølve hallen romma garerobar, tribune, styrkerom, sosialt rom, klatrevegg, råbygg for bowlinghall, foajé/aktivitetsrom, kontor og kjøkken.
Saka skal opp til endeleg avgjerd i kommunestyret torsdag 16. september.
Ville kutta meir
– Eg saknar ei vurdering frå administrasjonen på korleis ein skal finna dei siste fire av 40 millionar kroner, sa varaordførar Bjarte Vatnøy (Frp) i starten av møtet
Varaordføraren lurte på om det var mogleg å kutta noko i asfaltering og uteplantar, for å få ned prisen.
Den tanken vart teken til jorda av assisterande rådmann Kåre Jordal, som kunne opplysa om at fleire ting alt er teke ut av prosjektet for å få prisen ned.
– Sist var det 8,5 millionar som stod att utan finansiering, no er det 4 millionar kroner, sa Jordal i formannskapet.
Politikarane gjekk inn for å dekka resten, og tok også restkostnaden til utandørs fotballgarderobar.
Spara på skule
Ordførar Astrid Aarhus Byrknes peika på at ei realisering av hallen kan redusera trongen for utbygging ved Lindås barneskule, ved at ein kan bygga om eksisterande gymsal der til andre føremål.
– Her må det vera ein gevinst både for idrettsparken og skulane og elevane, sa Aarhus Byrknes.
Administrasjonen opplyste at ein i løpet av september skal vera klar med eit romprogram for den utbygde skulen.
Det vart sagt at arealet i gymsalen kan erstatta nybygg.
Kommunen største
Lindås kommune vert den største bidragsytaren til å få sjølve hallen opp, med i alt seksten millionar kroner.
I tillegg kjem spelemidlar, og sponsorstøtte frå fleire eksterne støttespelarar. Desse skal etter planen presenterast seinare.
Fullt namn på prosjektet er elles Lindås idretts- og kulturpark.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






