Der hinder er inga hindring
LINDÅS: Stadig fleire finn glede i å driva sprangriding med hundane sine. På Lindås var nylig 80 vovsar på agilitystemne.
Endret 04.05.12 16:00
Sist helg var det agilitystemne for alle slags hundar på Lindås, og stemneleiar Kristian Moen kunne fortelja om aukande interesse for aktiviteten.
– Her er påmelde heilt frå Ålesund og Stavanger, og i år har me med nesten åtti hundar, fortel han.
– Då me begynte, var det kring 45-50 hundar med, men interessa berre aukar.
Dette er ein sport i vekst, seier han.
Familievenleg
Ordet agility betyr «evne til å bevega seg hurtig, smidig og lett».
Moen fortel at det ikkje er nokon krav for å vera med på stemnet bortsett frå at hunden må vera over atten månader gamal.
– Her er hundar i alle slags rasar og blandingar, og i alle aldrar, seier han.
Vidare fortel han at dette er ein sport for heile familien.
– Barnebarn konkurrerer gjerne mot besteforeldre.
Sjølv har eg ein son på sju år som konkurrerer med hunden vår Milla, og dei eldste her er nok i syttiåra, smiler han.
Tre klassar
Det er to stemne i løpet av året.
– Det eine går siste helga i april og det andre går siste helga i august, seier Moen.
Han forklarer at stemnet er delt opp i tre størrelsesklassar slik at dei små hundane slepp å konkurrera mot dei største.
– Det er òg tre ferdigheitsklassar.
For å komma seg opp frå første klasse, må hunden ha gått tre feilfrie løp, og må ha tre feilfrie rundar til for å komma i toppklassen.
Der er det hunden som er raskast og har færrast feil som vinn, forklarer han.
– Her på Lindås har me lagkonkurranse, det vil seia at det er tre-fire hundar på kvart lag, og dei tre beste har teljande resultat.
Liknar sprangriding
Øvingane hundane må leiast gjennom i hinderløypa er hopp, tunnelar, møne, stigar og bommar, og for kvar gong må det byggjast ei ny bane.
– Dei legg kring åtte nye baner kvar dag, seier Moen, og fortel at agility på fleire måtar liknar sprangriding.
– På lik linje med sprangriding praktiserer me standardtid.
Det går ut på at hunden må springa ein gitt strekning innan eit visst tidsrom.
Om han ikkje klarer det på tida, får han tilleggspoeng, seier han.
Bra miljø
Det er Nordhordland Hundeklubb og Norsk Belgisk Fårehundklubb som arrangerer stemnet, og førstnemnde er teknisk arrangør.
– Det har gått veldig bra, for me har blitt veldig rutinerte, smiler Moen, og legg til at det er eit bra miljø i hundeklubben.
– Me driv trening på Åse gard, og det er ein god gjeng som går der, smiler han.
Ayla måtte avlivast
MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.
Lathi på Everest for andre gong
Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.
Tok årets første bad
MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.
Tog og is uansett ver og vind
Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.
Siste kortnytt
- Kjørte i eit tre [18.05.13 18:52]
- I fjellveggen i Eikefettunnelen [18.05.13 18:52]
- 17.mai på Kvalheim [16.05.13 10:52]
- NBK berga poenget [11.05.13 18:38]
- Ny rektor på Årås [11.05.13 18:29]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- – Endeleg ope att! [07.05.13 10:40]
- Feirar Wergeland [07.05.13 10:34]
- Ny aktør på vegvedlikehald [01.05.13 17:10]
- Pengar til Nordhordlandspakken [01.05.13 17:06]
- To bilar i smell ved Mastrevik torg [01.05.13 08:47]
- Brennpunkt frå Fedje om U864 [29.04.13 15:49]
- Knuffing på Lindås [30.04.13 14:11]
- Utan førarkort i Knarvik [30.04.13 14:37]
- Båt stolen på Radøy [29.04.13 14:02]
- Skiklubben står for ekstremløp [26.04.13 15:36]
- Hugs fristen for sjølvmeldinga [26.04.13 13:38]
- Sitkadugnad i Austrheim [26.04.13 13:34]
- Luftsport på nett [22.04.13 11:35]
- Banknedlegginga på Lindås vedtatt [22.04.13 12:30]
Mest lest
- Nordhordlending funnen død på danskebåten [23.04.13 01:30]
- Kontrollutvalet vil gå til politiet, kommunen ut med pressemelding [01.05.13 17:33]
- Trippelsmell i Isdalstø [13.05.13 15:50]
- Diskusjon om million-utbetalingar bak lukka dører i Austrheim [01.05.13 17:32]
- Snøtrøbbel i trafikken [03.05.13 13:49]
- Fire på sjukehus etter kollisjon på Radøy [19.04.13 10:46]
- Kai på plass i rekordfart [08.05.13 19:28]
- Tog og is uansett ver og vind [17.05.13 12:17]
- Sakna seglbåt sett i Nordhordland [04.05.13 10:26]
- Tvil om habiliteten til rådmannen i dobbeltutbetaling [07.05.13 18:16]
- Konkurrerte i mekking [24.04.13 10:28]
- Støyande russefrukost [08.05.13 10:07]
- Brennpunkt om U864-utgreiinga [01.05.13 08:50]
- Sende Hakkebakkeskogen til nye høgder [21.04.13 18:54]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- Fekk eit gudsord med på turen [09.05.13 19:28]
- Kurt Nilsen til Kraftspela [11.05.13 18:26]
- Nysnøkaos på 1. mai [02.05.13 15:36]
- Bondeknølar og byfolk [04.05.13 22:29]
- Mongstad evakuert [07.05.13 14:07]
Mest tipset
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Fekk 97 sider dialektord til jul [10.01.11 13:15]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]














