Kjørte i eit tre

RADØY: Ein 77 år gammal passasjer vart truleg lettare skadd då den 50 år gamle bilføraren han sat på med, kjørte i eit tre i Bøvågen 17. mai.

[18.05.13 18:52]

I fjellveggen i Eikefettunnelen

LINDÅS: Ein bilførar vart lettare skadd då han kjørte i fjellveggen i Eikefettunnelen 17. mai om morgonen.

[18.05.13 18:52]

17.mai på Kvalheim

RADØY: For femtande gong vert det seremoni ved minnebautaen på Kvalheim om morgonen 17. mai. I år vil tidlegare ordførar Olav Steinar Namtvedt tala og leggja ned krans.

[16.05.13 10:52]
Brukernavn 
Passord 

Pdf-avis

Kjøp Strilen i
pdf-utgåve HER.

http://static.buyandread.com/thumbnail/strilen/strilen.jpg

Frisk satsing

Ordføraren i Gulen kunne førre veke gleda seg over å opna Skipavika Næringspark. Opninga skjedde berre eit halvår etter at første salve vart skoten.

:

Interiør og hage
frå Strilen.

Last ned Strilen si
utdanningsavis her:


Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim

Færre søkjer i Nordhordland

Færre søkjer i Nordhordland

Del | |

Begge dei vidaregåande skulane i Nordhordland fekk færre søkjarar i år enn i fjor, men Knarvik vidaregåande skule er framleis svært populær.

Publisert 14.03.12 15:32
Endret 14.03.12 15:32

Førsteinntaket til dei vidaregåande skulane i Hordaland er no klart, og det viser at Knarvik vidaregåande skule har 41 færre søkjarar enn i fjor og Austrheim vidaregåande 33 færre. Dette trass i at det er 301 fleire elevar som er ferdige med ungdomsskulen i fylket i vår enn i fjor.

– Men me er framleis saman med Nordahl Grieg videregående skole i Fana den mest populære skulen i fylket, seier rektor Øyvind Oddekalv ved Knarvik vidare-gåande til Strilen.

Dette har dei fått opplyst ved inntakskontoret. I Knarvik var det 1106 primærsøkjarar i år. I haust vart studietilbodet design og tekstil lagt ned. Det kan vera med på å forklara nedgangen i søkjarar, seier Oddekalv.

Service opp
Av studieretningane ved skulen har særleg Vg1 Service og samferdsel stor auke.

– Det er gledeleg, og det inneber at me truleg kjem til å oppretta ein ekstra klasse i det faget, seier Oddekalv.

Han fortel at dei også har god søknad til byggfag med 40 søkjarar til to klassar.

Der det særleg er svikt i år, er til Vg2 Data og elektronikk.

– Det same gjeld ved Åsane videregående, og det kan verta aktuelt at me opprettar ein felles klasse på ein av skulane, seier Oddekalv.

Bygg lagt ned
Ved Austrheim vidaregåande er det særleg byggfag som har svikt.

– Me har dårleg søknad både til Vg1Bygg og Vg2 Bygg. Dette inneber at Vg2-tilbodet vert lagt ned, seier rektor Kjersti Haugland til Strilen.

Ho har ikkje noko god forklaring på kvifor så få vil satsa på byggfag.

Også til Restaurant og matfag er søknaden dårleg i år.

– Det var populært i fjor, så det skifter fort, seier ho.

Men her håpar ho på nok søkjarar til å halda tilbodet oppe.

Automasjon
Skulen har god søknad både til Vg3 Automasjon og Studie-spesialisering (tidlegare allmennfag). Til det siste har dei fleire søkjarar enn det er plassar.

Også på TIP-tilbodet (teknikk og industriell produksjon) er det godt med søkjarar, seier Haugland.

Når det gjeld søkjarar frå Sogn og Fjordane, ligg talet i år på 37. Det er om lag som tidlegare år.

Studiespesialisering
Viss ein ser heile fylket under eitt, er det særleg Studiespesialisering og Teknikk og industriell produksjon som har auka søkjartal. Spesielt Vg1 Studiespesialisering har stor auke med 324. På Teknikk og industriell produksjon er til-svarande auke 148.

Helse og sosialfag har nedgang i søkjartal på alle tre trinn. Det same gjeld Design og handverk, medan Musikk/dans/drama og Idrettsfag minkar på nokre trinn og aukar på andre. Bygg og anleggsteknikk går ned både på Vg1 og Vg2.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Ayla måtte avlivast

Ayla måtte avlivast

MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.

    Lathi på Everest for andre gong

    Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.

      Tok årets første bad

      Tok årets første bad

      MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.

        Tog og is uansett ver og vind

        Tog og is uansett ver og vind

        Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.

          Til NM med tidenes verste fødsel

          Til NM med tidenes verste fødsel

          Fedje Teaterlag er kvalifiserte til noregsmeisterskapen i revy på Høylandet.

            - Elvemuslingen er ikkje daud!

            - Elvemuslingen er ikkje daud!

            MELAND: I fjor frykta Mjåtveitelvens forening at elvemuslingen var utdøydd frå elva. Denne veka kom gladnyheiten. Det er funne elvemuslingslarver på aure i elva.

              Siste kortnytt

              Webkamera

              Klikk på biletet nedanfor for å sjå bilete frå den nye rundkjøringa akkurat no.