Kjørte i eit tre

RADØY: Ein 77 år gammal passasjer vart truleg lettare skadd då den 50 år gamle bilføraren han sat på med, kjørte i eit tre i Bøvågen 17. mai.

[18.05.13 18:52]

I fjellveggen i Eikefettunnelen

LINDÅS: Ein bilførar vart lettare skadd då han kjørte i fjellveggen i Eikefettunnelen 17. mai om morgonen.

[18.05.13 18:52]

17.mai på Kvalheim

RADØY: For femtande gong vert det seremoni ved minnebautaen på Kvalheim om morgonen 17. mai. I år vil tidlegare ordførar Olav Steinar Namtvedt tala og leggja ned krans.

[16.05.13 10:52]
Brukernavn 
Passord 

Pdf-avis

Kjøp Strilen i
pdf-utgåve HER.

http://static.buyandread.com/thumbnail/strilen/strilen.jpg

Frisk satsing

Ordføraren i Gulen kunne førre veke gleda seg over å opna Skipavika Næringspark. Opninga skjedde berre eit halvår etter at første salve vart skoten.

:

Interiør og hage
frå Strilen.

Last ned Strilen si
utdanningsavis her:


Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim

Fekk nytt oldebarn på 100-årsdagen

Fekk nytt oldebarn på 100-årsdagen

Del | |

LINDÅS: - Eg hadde ikkje trudd at eg kom til å få oppleva denne dagen, seier Arnhild Marie Fyllingsnes, som laurdag fylte hundre år. Same dag kom oldebarn nummer tretten til verda.

Publisert 16.04.12 16:17
Endret 16.04.12 16:17

Slektningar kom frå nært og fjernt for å æra jubilanten, og også ordførar Astrid Aarhus Byrknes gjesta 100-åringen.

Sterk tilknyting

Arnhild er fødd og oppvaksen på Ådnekvam i Masfjorden, og har budd store delar av livet på Fyllingsnes.

– Mannen min døydde som 77-åring, og eg har levd 35 år åleine, seier ho, og fortel at ho ikkje hadde trudd at ho skulle verta 100 år.

– Me var ein god familie og var flinke til å le i lag, seier ho.

– Det er kjekt å bu her heime, for eg har familie og gode naboar rundt meg, smiler ho, og fortel at dottera bur nært, og kjem innom fleire gongar for dagen.

Fantastisk handarbeid

Dottera Anne Marie Molvik hadde mykje fint å seia om mora.

– Ho er utruleg klår i hovudet og følgjer med på alt som skjer. Det er veldig stort.

Sånn sett tenkjer me ikkje over at ho er så gamal, smiler Anne Marie.

Vidare fortel ho at mora har vore fantastisk med handarbeid opp gjennom åra.

– Ho sydde flotte juledukar til ho var 97, og har strikka mykje, heilt til ho var 99, fortel ho, og skryter av at mora har godt syn.

– Ho er òg veldig glad i hagearbeid, og me har ofte sett ho med hakke og spett, seier ho.

Aktiv og stødig dame

– Det er fantastisk å få oppleva hundreårsdagen til mor, seier sonen Oddvar Fyllingsnes.

– Det har vore periodar der me har trudd det ikkje kom til å gå, men ho skyt alltid opp igjen, smiler han.

Han seier at mora likar å vera aktiv og vera med på tur.

– «Berre gje meg ti minutt, så skal eg vera klar», hender det ho seier.

Akkurat som søstera fortel han om dei flotte juledukane mora har laga.

- Og ho har ei flott handskrift. Ho er veldig stødig og flink å skriva, smiler han, og legg til at mora òg er ei flink forteljar.

- Eldste barnebarnet mitt er alltid så fascinert når ho fortel om gamle dagar, seier han.

Hektisk

Det var hjå Gunvor og Oddvar Fyllingsnes at feiringa føregjekk, og slektningar kom frå både Bergen, Jølster, Masfjorden og til og med Fredrikstad.

– Eg har arrangert mange bursdagar dei siste åra, seier Gunvor, og fortel at med det nye huset, vart det til at selskapet vart samla hjå dei.

At det var mange besøkjande munnar å metta, vart ikkje noko problem.

– Det har gått veldig bra. Me har vore tre på kjøkenet, smiler ho.

Rivande utvikling

Utpå ettermiddagen kom også ordførar Astrid Aarhus Byrknes på besøk.

– Det er den andre hundreårsdagen denne veka, og det er imponerande, og utruleg kjekt.

Det er ei stor ære for meg å få komma og gratulera, seier Aarhus Byrknes.

Vidare fortel ho at Fyllingsnes er medlem av partiet ho representerer, KrF.

- Det er òg ekstremt stas å få gratulera eit partimedlem, smilar ho.

Forutan flott song og gitarspeling heldt ordføraren ein flott tale der ho lag vekt på den rivande utviklinga som har skjedd, og som Arnhild har fått oppleva på sine hundre år.

- Levealderen i Noreg har gått veldig opp, og framleis skjer det nye ting i utviklinga, fortel ho.

– Det at Arnhild er frisk og bur heime, er veldig kjekt, og ho er heldig som har ein så flott familie.

Det er ein stor rikdom for eitkvart menneske, smiler ordføraren.

 

GJESTA JUBILANTEN: Ordførar Astrid Aarhus Byrknes var tilstades for å æra Arnhild med tale og song. GJESTA JUBILANTEN: Ordførar Astrid Aarhus Byrknes var tilstades for å æra Arnhild med tale og song.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Vil gje Skodvin utsetjing

Vil gje Skodvin utsetjing

LINDÅS: Nedlegging av den kommunale Skodvin skule bør utsetjast eitt år, meiner eit klart fleirtal i levekårsutvalet i Lindås (bilde).

    Radøyløpet vart folkefest

    Radøyløpet vart folkefest

    Heile 306 personar i alle aldrar deltok på Radøyløpet 2. pinsedag. Av dei 26 som sprang på tid, var Øyvind Franzen (nr. 60) raskast.

      Folkemøte på Byrknes

      GULEN: I morgon ettermiddag, onsdag, vert det folkemøte på Byrknes om Hordalandsavtalen.

        Ayla måtte avlivast

        Ayla måtte avlivast

        MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.

          Lathi på Everest for andre gong

          Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.

            Tok årets første bad

            Tok årets første bad

            MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.

              Siste kortnytt

              Webkamera

              Klikk på biletet nedanfor for å sjå bilete frå den nye rundkjøringa akkurat no.